Eivind Hansen om statsbudsjettet: Vi er litt skuffa
Statsbudsjettet for 2024 var lagt fram i dag fredag. Administrerande direktør Eivind Hansen må sjå nærare på tala, før han kan seie heilt konkret kva helseministeren si “styrking av sjukehusa på 2,2 milliardar” faktisk betyr for Helse Bergen.
Publisert 06.10.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
-Vi er litt skuffa, vi treng ei større ramme enn det her er lagt opp til for å levere på dei forventningane det er til tenestene våre og for å gjennomføre planlagte investeringar, seier Hansen.
- Ved rask gjennomlesing er signalet til oss at vi må fortsette med det arbeidet vi er i gang med og halde på dei tiltaka vi har sett i verk. Vi må styre stramt og jobbe hardt for å få ned ventetider og lønskostnader. Dette er nødvendig for å få verksemda innanfor budsjettrammene. Vi ligg såpass djupt i sjøen økonomisk at vi treng å halde fram det arbeidet vi har starta for å kome i posisjon, seier han.
- Dette budsjettet gir ikkje mykje å justere på for vår del.
Hansen utdjupar:
- Det kan synast som om det er noko kostnadsvekst som vi veit om og som ikkje blir kompensert direkte, mellom anna rentekostnader på proton og vekst i kostnad på screening. Dette må vi sjå på, seier Hansen, som og har funne nokre lyspunkt etter den første raske gjennomlesinga:
- Det ser ut som det er nokre ekstra løyvingar til primærhelsetenesta, til fastlegeordninga og innan psykisk helse og rus. Det er positivt. Det er også positivt med 66 nye LIS-stillingar nasjonalt, sier Hansen.