Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eivind Hansen seier opp som administrerande direktør

Eivind Hansen har vore administrerande direktør på Haukeland universitetssjukehus i over ti år. Til våren sett 62-åringen frå Eidsvåg og Sandane sluttstrek.

Publisert 08.12.2025
Mann i park
Eivind Hansen, administrerande direktør på Haukeland universitetssjukehus.

– Eg har tenkt gjennom tida som kjem både for eigen del, familien min og Haukeland Universitetssjukehus. Oppsummeringa mi er at eg seier opp stillinga som adm.dir. ved utgangen av mai 2026, seier Hansen, som har vore tilsett i føretaket sidan 2009.

– Eit privilegium

– Eg har hatt fantastiske år på Haukeland. Fyrst som økonomi- og finansdirektør og no over ti år som adm.dir. sidan 2015. Det har vore eit privilegium å leie ei av dei mest komplekse verksemdene på Vestlandet saman med tusenvis av kompetente og flotte medarbeidarar. Det har vore veldig mykje å glede seg over samtidig som det har vore mange krevjande utfordringar å stå i gjennom desse åra. Eg gler meg over at det er tryggare for pasientane, fleire får behandling og vi utviklar tenestene kvar dag. Eg kjem til å sakne gode kollegaer og møtene med mange gode medarbeidarar. Eg kjem til å sakne å stå i spissen for dette flotte sjukehuset midt i Bergen by tilgjengeleg for folk på heile Vestlandet, seier Hansen.

– Eg trur Haukeland vil være tent med eit skifte der ein ny direktør kan sjå 5 – 10 år fram i tid og utvikle sjukehuset vidare. Eg er innstilt på å få til ein god overgang til ein ny direktør i tett dialog med styret og styreleiar, I perioden som kjem skal eg gjere mitt for at vi har god framdrift på alt vi skal jobbe med dei næraste månadene og få til ei god veksling med ein ny direktør, avsluttar Eivind Hansen.

Styreleiar: – Markant leiar

Styreleiar i Helse Bergen, Terje Breivik, synst det er trist å miste Hansen som administrerande direktør, men har respekt for avgjerda.

– Eivind Hansen har vore ein markant og viktig leiar for sjukehuset.  Haukeland er eit uvanleg godt dreve helseforetak - eit mønsterbruk. Det er mykje Eivind sin forteneste. Han er ein tydeleg og moderne leiar som ser dei tilsette, og har eit svært godt og konstuktivt samarbeid med styret. Han losa sjukehuset gjennom pandemien med stø hand, og har utvikla sjukehuset kvar dag dei ti åra han har vore direktør. Han har verkeleg satt spor etter seg. Det er trist å miste han, men eg har stor respekt for avgjerda, seier Terje Breivik.

Styret vil bli orientert om oppseiinga, og  samsundes diskutere prosessen vidare for å finna Hansen sin erstattar i direktørstolen, på styremøtet 18. desember.

Kontaktperson: 
Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør, 90133771, erik.vigander@helse-bergen.no