Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eivind Hansen takkar for seg

Etter ti år som administrerande direktør i Helse Bergen, og til saman 17 år i føretaket, takkar Eivind for seg. Han byrja som økonomi- og finansdirektør i Helse Bergen i 2009, kom frå rolla som administrerande direktør ved Haraldsplass, og har vore ein sentral leiar gjennom ei tid prega av store omstillingar, pandemi og historiske løft.

Publisert 26.05.2026
En person iført blå skjorte og snore
Eivind Hansen, avtroppende administrerende direktør for Helse Bergen.

Når han ser tilbake på åra som øvste leiar, er det éin ting som særleg peikar seg ut.

– Det er folka, seier han utan å nøle.  
– Dette er ein organisasjon full av flinke folk. Når eg står i ei problemstilling, er det nesten alltid nokon som kan, og vil hjelpe.

Han trekkjer fram medarbeidarane som er tett på pasientane, og innsatsen som blir lagd ned kvar einaste dag.

– Eg opplever at vi får stadig betre tilbakemeldingar frå brukarane. Når eg møter pasientar og pårørande, tilfeldig eller her på sjukehuset, er tilbakemeldingane ofte overveldande gode.

Tryggleik, kultur og fellesskap

Eivind meiner Helse Bergen har blitt ein tryggare stad å vere pasient.

– Vi har jobba systematisk med pasienttryggleik, og med ein kultur for å melde frå om hendingar. Å lære, dele erfaringar og ta det vidare – det er heilt sentralt. «Pay it forward», som ein seier.

Han opplever også at fellesskapskjensla i organisasjonen har vorte sterkare gjennom åra.

– Vi har jobba målretta med eit «vi», og med ein kultur der ein seier hei og takk. Det merkar eg mykje meir no enn då eg byrja. For ein administrerande direktør kan det vere litt skummelt å gå ut i avdelingane, men eg har alltid blitt møtt på ein veldig god måte. Gleda over å kome tett på verksemda har vore stor.

– Det gjeld ikkje berre på Haukelandsområdet, men også når eg er ute på DPS, BUP, på Voss eller andre lokasjonar. Evna til å møte kvarandre på ein god måte sit i veggane her, seier han.

Mykje å vere stolte av

På spørsmål om kva han er mest stolt av, kjem pasienttryggleiken igjen opp.

– Det arbeidet blir vi aldri ferdige med. Det handlar om kontinuerleg forbetring. Vi har utvikla ein sterk forbetringskultur og ei evne til å sjå moglegheitsrom, sjølv om omstilling og endring kan vere krevjande.

Han peikar på pandemien som eit tydeleg døme på organisasjonen sitt handlingsrom og handlingskraft.

– Når det verkeleg gjeld, trør folk til. Under pandemien såg vi kor fleksible og tilpassingsdyktige medarbeidarane var. Det var den lengste beredskapssituasjonen i Haukeland si historie, og det kravde enorm innsats. Men vi var der for folk.

Også på bygningssida har det skjedd mykje i denne perioden: Glasblokkene, Marie Joys’ hus, bygging og etablering av protonterapi, mottaksmodellen med Mottaksklinikken i sentrum – og utbygginga på Nordås.

– Nokre meiner kanskje at vi burde vore endå lenger komne, men vi har fått til veldig mykje. Dette er store og viktige prosjekt for framtida.

Krevjande prioriteringar og tunge saker

Utfordringane har likevel vore mange. Økonomi og prioriteringar er ein gjennomgangstone.

– Behova er alltid større enn det vi kan dekke innanfor rammene vi har. Det betyr at vi må prioritere, og det opplever mange som vanskeleg. Samstundes er det kostnader knytte til utvikling – til dømes digitalisering – som vi må finne gode måtar å handtere.

Han trekkjer også fram belastninga ved å stå i store forventningar over tid.

– Forventningane frå publikum, pasientar og medarbeidarar er høge. Samstundes er det eit stort handlingsrom av moglegheiter. Medisinen utviklar seg, teknologien utviklar seg, logistikk og løysingar blir betre. Å få leie ei verksemd midt i dette moglegheitsrommet er eit privilegium – men det krev også energi og idear.

Dei aller mest krevjande sakene har vore knytt til uønskte pasienthendingar.

– Når utfallet er alvorleg, og det er grunnlag for kritikk og mediesaker, er det svært krevjande. Først og fremst for dei som er råka, og for medarbeidarane tett på. Men også i mi rolle har det vore viktig å følgje opp, stå saman og hente læring.

– Viss vi klarer å stå samla, kan vi bruke slike hendingar til å bli betre og sterkare. Det å få tak i verdien av læring gjennom systematisk arbeid, har vore viktig for meg.

– Eg håpar eg har ført oss vidare

Når han blir spurd om korleis han ønskjer å bli hugsa, ler han litt – og tenkjer seg om.

– Eg håpar eg blir hugsa som ein som peikte ut ei retning. Ein som fekk til noko saman med medarbeidarar, pasientar og pårørande. At vi utvikla og forbetra tenestene i lag, og at etappen min som administrerande direktør førte oss vidare.

– Og så håpar eg eg blir hugsa som ein som likte folk, hadde rimeleg greitt humør, og som stilte opp for medarbeidarane. Ein som løfta pasientgrupper og fag som trengte det særleg.

Stor takknemlegheit

Takknemlegheita for åra i Helse Bergen ligg tjukt i orda.

– Eg har gleda meg til å gå på jobb kvar dag. Eg kjem til å sakne folka, dei krevjande samtalane vi har stått i saman, og dei gode møta i gangane. Eg vil gje ein særskild takk til Clara Gjesdal, som har vore svært viktig for meg. Ho er klok, lett å samarbeide med og bidreg med god energi i alt ho gjer. Eg vil og takke den flotte leiargruppa og føretakssekretariatet.

Til slutt løftar Eivind Hansen blikket mot det større samfunnsoppdraget.

– Haukeland har eit stort samfunnsoppdrag for Vestlandet. Eit regionsjukehus fullt av kompetanse, som betyr mykje for folk – frå Stadt til Egersund. Det er noko vi kan vere stolte av.

– Når eg sit på verandaen på sommarstaden i Nordfjord, og ein pensjonist går forbi og fortel kor nøgd han er med kreftbehandlinga på Haukeland – då ser eg kva dette eigentleg handlar om.

Clara Gjesdal er konsituert som administrerande direktør fram til Marit Lieng tiltrer som administrerande direktør 2. august 2026.