Endring i tilbod om mammografiscreening for kvinner busett i Voss, Ulvik og Aurland
Kvinner i aldersgruppa 50-69 år busett i Voss, Ulvik og Aurland kommune vil frå hausten 2024 få tilbod om mammografiscreening annakvart år i Bergen. Tilbodet er ein del av Mammografiprogrammet og vil erstatte tidlegare tilbod om screening i buss på Voss.
- Endringa blir gjort for å gje eit meir einsarta screeningtilbod for alle kvinner i regionen, seier Ingfrid S. Haldorsen, direktør ved Radiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.
- Ved å gi alle i målgruppa eit tilbod i Bergen, vil alle bli undersøkt med same type radiologiske utstyr, og same utstyr som tidlegare, noko som vil vere ein fordel i tydinga av undersøkingane.
Endringa vil også gje betre utnytting av radiografressursane i Helse Bergen, i ei tid med knappheit på radiografar som har spisskompetanse i å utføre desse undersøkingane.
- Endringa vil vere med og sikre at eit mammografitilbod av høg kvalitet kan oppretthaldast i heile Helse Bergen- regionen, seier Haldorsen.
For å legge til rette for fortsatt høg deltaking i mammografiprogrammet, vil kvinnene som får tilbod om screening på Danmarksplass i Bergen kunne påverke tidspunktet for undersøkinga ved behov. Det er også mogleg med screening på kveldstid. Kvinnene vil også bli varsla med SMS-påminning for å sikre god deltaking.
Endringa i tilbodet blir gjort etter innspel frå fagmiljøa i Helse Bergen og vil bli gjennomført i samarbeid med Mammografiprogrammet. Endringa er også lagt fram for Brukarutvalet i Helse Bergen som støttar avgjerda og innføringa av kompenserande tiltak for å sikre høg deltaking i mammografiprogrammet. Brukarutvalet har også bedt Helse Bergen følge nøye med på utviklinga framover for å sjå om endringa medfører at færre møter til screening.