Enklare og raskare utgreiing av angitt penicillinallergi
Eit nytt verktøy for å greie ut angitt penicillinallergi gjer at pasientane oftare kan få korrekt behandling, og ein unngår negative helseeffektar som auka mikrobiell resistens, mindre riktig antibiotikabehandling og auka dødelegheit.
9 av 10 som angir at dei ikkje toler penicillin, toler det når dei blir testa. No har Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet i Helse Vest (RAAO) ved Yrkesmedisinsk avdeling HUS, utvikla og validert det første verktøyet for å greie ut angitt penicillinallergi utanfor allergiavdelingar i Noreg. Studien er eit tverrfagleg samarbeid mellom RAAO, Infeksjonsmedisinsk seksjon i Medisinsk avdeling, Nasjonal kompetansetjeneste for antibiotikabruk i spesialisthelsetjenesten og Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi.
Raskare avklaring
- Vårt prosjekt er basert på at pasientar lettare og raskare skal få utgreidd den angitte penicillinallergien sin. Dette gjer at pasientane oftare kan få korrekt behandling og reverserer dei uønska effektane av angitt penicillinallergi, fortel overlege Marie Bjørbæk Alnæs i Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO) i Helse Vest, som har leia studien.
Ho karakteriserer metoden som ein vinn-vinn situasjon for pasientar og helsetenesta. Pasienten får raskare avklart sin angitte penicillinallergi. Dei som blir avskilt får då meir korrekt antibiotikabehandling og dei som får påvist ein ekte pencillinallergi kan testast for dei beste alternativa og alle varslingssystem i journalen blir oppdatert. For helsetenesta blir tid og pengar spart, i tillegg til at vi bidrar i den viktige kampen mot antimikrobiell resistens.
Gjeld 3-10 prosent av alle innlagte i sjukehus
Dette er det første verktøyet som er validert på norsk for avskilting av penicillinallergi.
3-10 prosent av alle innlagt i sjukehus angir at dei ikkje toler penicillin, slik at dette berører mange pasientar. Det er vist internasjonalt at slike program gir kortare liggetid og meir korrekt antibiotikabruk. Det er også rimelegare fordi ein treng færre testar av og konsultasjonar med pasientane.
I prosjektet vart 149 pasientar undersøkt med metoden, 50 prosent kunne avskiltast direkte i avdelinga dei var innlagt som « lågrisiko»- pasientar, her hadde berre éin pasient ein ufarleg seinreaksjon. Til saman vart 87 prosent avskilta av sin angitte penicillinallergi etter utgreiing.