Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gler seg over høg aktivitet ved Neuro-SysMed 

- Min hjerne går utruleg godt på kaffi, seier leiar for Høgre, Erna Solberg, som denne veka besøkte Haukeland universitetssjukehus og forskarane ved Neuro-SysMed.  

Publisert 14.06.2024
Sist oppdatert 04.09.2024
Høyre-leder Erna Solberg med ledelsen ved Neuro-SysMed
Leiar for Høgre, Erna Solberg, fekk ein oppdatering på hjerneforsking då ho kom innom Neuro-SysMed.

Høgre var sentral i etablering av forskingssenteret for klinisk utprøvande behandling som opna i 2019.

Åpnet Neuro-SysMed i Bergen (dagensmedisin.no) 

På initiativ frå paraplyorganisasjonen Hjernerådet, kom Solberg og helsepolitisk talsperson i Høgre, Tone Trøen, innom Neuro-SysMed for å høyre meir om forskingsaktiviteten ved senteret. 

- Vi er glade for at de er interesserte i det vi brenn for, sa leiar ved Neuro-SysMed, Kjell-Morten Myhr, då han ønskte velkommen.


Gjestane fekk høyre om utfordringar med tanke på rekruttering av fagfolk, om korleis utviklinga innan nevrologi også endrar måtane å arbeide på, og vaktbelastninga for spesialistane. Og at dette fell saman med ei aldrande befolking og derfor ei større pasientgruppe.
 

 

 

Gruppebilde av forskere ved Neuro-SysMed og Høyreledelsen
Professor Ole-Bjørn Tysnes, klinikkdirektør Torhild Vedeler, administrerande direktør Eivind Hansen, helsepolitisk talsperson i Høgre Tone Trøen, professor og leiar for Neuro-SysMed Kjell-Morten Myhr, Høgre-leiar Erna Solberg, generalsekretær i Hjernerådet Henrik Peersen og professor Charalampos Tzoulis.

 

Avgjerande for betre hjernehelse 

Generalsekretær i Hjernerådet, Henrik Peersen, meiner Noreg er eit føregangsland som har tatt hjernehelse på alvor, og han oppmodar Høgre om å oppretthalde engasjementet rundt denne samfunnsbyrda.  

- Hjernesjukdom representerer 26 % av sjukdomsbyrda og 23 % av alle tapte leveår i Noreg. Mange av hjernesjukdommane kan ikkje førebyggast eller behandlast fordi vi manglar tilstrekkeleg kunnskap. Vi er derfor heilt avhengige av meir forsking på hjernesjukdommar. Resultata vi ser frå Neuro-SysMed viser tydeleg kor viktig det er å etablere sterke forskingssenter knytt til hjernesjukdommar. Satsingar som dette er avgjerande for framskritt i arbeidet for betre hjernehelse i befolkninga, meiner Peersen. 

Lovande resultat 

Prof. Kjell-Morten Myhr og Prof. Charalampos Tzoulis fekk nytta høve til å fortelje om den viktige forskinga som skjer ved Neuro-SysMed, noko brukarmedverkar Reidun Tjønn Rinde, som sjølv har diagnosen MS, også understreka.

- Nasjonal Hjernehelsestrategi og opprettinga av Neuro-SysMed, som det første forskingssenteret for klinisk utprøvande behandling, har vore heilt avgjerande for moglegheita til deltaking i behandlingsstudiar for pasientar med MS, Parkinsons sjukdom, ALS og demens, fortel leiar ved Neuro-SysMed, professor Kjell-Morten Myhr. 

- For MS har dette gjort det mogleg å behandle pasientar frå diagnosetidspunktet med effektive medisinar som i stor grad kan stoppe sjukdommen - samtidig som vi reduserer medikamentkostnadane med mange 100 millionar kronar per år. I tillegg koordinerer vi no eit internasjonalt prosjekt med målsetting om å kunne forebygge sjukdommen gjennom behandling mot Epstein-Barr virus (EBV), seier Myhr. 

- For nevrodegenerative sjukdommar har vi vist lovande resultat innanfor Parkinsons sjukdom ved nye behandlingar som har som mål å bevare og "redde" nervecellene. Desse funna blir no ført vidare til større behandlingsstudiar. I tillegg har vi oppdaga undergrupper av sjukdom som kan føre til persontilpassa medisin. Desse positive effektane har også ført til utprøvande behandling av ALS og Alzheimers sjukdom, seier Tzoulis, som har ansvaret for nevrodegenrative sjukdommar ved senteret. 

 

forskere fra Neuro-SysMed og Høyrepolitikere som sitter rundt et bord
Engasjerande samtale om klinisk forsking og hjernehelse då Høgreleiar Erna Solberg og helsepolitisk talsperson Tone Trøen besøkte Neuro-SysMed.

 

Politikarane stilte spørsmål om alt frå rekruttering til sjukdomsutvikling, og fekk gode svar frå forskarane.   

- Veldig mange i vårt samfunn blir ramma av ein hjernesjukdom, som for eksempel demens eller Parkinsons sjukdom. Eg trur vi kan løfte livskvaliteten til mange av dei som blir ramma dersom vi forskar meir på hjernesjukdommar. Med meir kunnskap kan fleire få eit tryggare og meir forutsigbart sjukdomsforløp, og vi kan ikkje minst finne meir treffsikre behandlingar, trur Solberg, og gler seg over å sjå at det er høg aktivitet ved Neuro-SysMed.  

 

Takkar for besøket

Administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen, var også med på møtet, og stolt over dei flinke forskarane her. 

- Vi gler oss over besøk fra politikarar som er interesserte i sjukehuset, klinisk forsking, og i dette tilfellet hjernehelse og Neuro-SysMed, seier Hansen.