27 millionar frå Trond Mohn Forskningsstiftelse: Bergens forskarar tek nytt steg i kampen mot kreft
No styrkar Bergens forskingsmiljø posisjonen sin i fronten av internasjonal protonforsking, når Trond Mohn Forskningsstiftelse (TMF) tildeler 27 millionar kroner til prosjektet ProtonSUMMIT. Prosjektet, som har eit totalbudsjett på nær 80 millionar kroner og går frå 2026 til 2030, set fart på utviklinga av framtidas kreftbehandling.

Ny innsikt i behandlingseffekt
Arbeidet får base i det nye protonbygget ved foten av Ulriken. Her skal forskarar kombinere kompetanse frå medisin, fysikk, biologi, bildediagnostikk og kunstig intelligens for å forstå korleis protonbehandling verkar på pasientar.
Prosjektet blir leia av medisinsk fysikar og forskar Camilla Stokkevåg ved Haukeland universitetssjukehus, og skal undersøkje korleis protonstråling påverkar celler og vev, kartleggje dei underliggjande mekanismane og identifisere enkelt- og samansette biomarkørar som kan gje ny innsikt i behandlingseffekten.
Nytt og viktig steg
TMF har gjennom mange år bidrege til å løfte forskingsmiljøa ved Haukeland, UiB og HVL, og denne tildelinga gjev prosjektet langsiktig kraft til å byggje vidare på det sterke faglege fundamentet i Bergen. Med ProtonSUMMIT tek miljøet eit nytt og viktig steg i utviklinga av kunnskapen som skal til for å forme avansert kreftbehandling, både nasjonalt og internasjonalt.
– Denne tildelinga er ei viktig anerkjenning av den kompetansen og ambisjonen vi har i Helse Bergen. Ho gjev oss moglegheit til å utvikle behandlingar som kjem pasientane våre til gode, samstundes som ho styrkjer Bergen og Noreg som leiande innan moderne kreftbehandling, seier Oddbjørn Straume, direktør ved Kreftklinikken, Haukeland universitetssjukehus.
Grunnlag for utvikling av kreftbehandling
Prosjektet har som mål å utvikle nye metodar som gjer det mogleg å utnytte teknologiens potensial på best mogleg måte, slik at fleire pasientar kan få behandling som er meir målretta og skånsam. Samstundes styrkar forskinga kunnskapen i fagmiljøet og legg grunnlaget for vidare utvikling av avansert kreftbehandling.
– Dagleg leiar i TMF, Nicholas Nunn, fortel at stiftinga sitt engasjement for partikkelterapi som kreftbehandling starta allereie i 2014 med støtte til kompetansebygging, utstyrsinnkjøp, metodeutvikling og forsking som ei av stiftinga sine første og største tematiske satsingar. Det er difor ei stor glede å kunne bidra ytterlegare, med støtte til dette prosjektet, som ifølgje ekstern evaluering har stort potensial til å betre bruken av protonterapi til beste for pasientane.