Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gynkreftpasientane skal få behandling

Medieoppslag har skapt utryggleik om tilbodet til gynekologiske kreftpasientar ved Kvinneklinikken. Vi forsikrar at alle som treng behandling skal få det. Det er vårt ansvar å ta vare på pasienttryggleik og kvalitet, og å sikre eit likeverdig tilbod til ei kvar tid.

Publisert 23.05.2024
Sist oppdatert 04.09.2024

Det har i fleire år vore utfordrande å behalde og rekruttere overlegar til det gynekologiske kreftmiljøet i Bergen og situasjonen har forverra seg då fleire overlegar har slutta. Samtidig har utfordringar knytte til leiarrekruttering påverka situasjonen negativt. Vi har den siste tida jobba kontinuerleg for å finne løysingar på denne alvorlege situasjonen. Vi har no fått på plass løysingar som er koordinerte og forankra med våre viktigaste samarbeidspartnarar. 

Heidi Thornhill som er seksjonsoverlege på KK og er ein erfaren leiar er på plass og bidreg saman med dyktige og erfarne spesialistar til at det nødvendige tilbodet til pasientgruppa i stor grad kan oppretthaldast. Kvinneklinikken mistar viktig kompetanse, men vi klarer å finne løysingar som sikrar tilbodet til pasientane. 

Ved Kvinneklinikken i Bergen finst fleire dyktige kirurgar med brei kompetanse og erfaring innan både open og minimalt invasive kirurgiske teknikkar (laparoskopi og robot) som er villige til å ta på seg oppgåva med å sikre eit tilbod om å operere kvinner med gynekologisk kreft i Bergen. Kirurgane utfører avanserte inngrep som krev betydeleg kirurgisk kompetanse, og har dermed den bakgrunnen som skal til for å kunne gjennomføre dei fleste typar inngrep ved seksjon for gynekologisk kreft. Samarbeidet med kirurgisk avdeling er utvida for å styrke fokus på kvalitet og gjennomføring av dei kirurgiske inngrepa. 

Det er per i dag allereie fleire pasientgrupper med meir sjeldne tilstandar som blir viste til behandling ved OUS. Dette held fram uendra. Det er avklart med dei øvrige regionane at dei kan ta imot pasientar, der det er semje om at behandlinga bør skje hos dei. 

I lys av den sårbare bemanningssituasjonen i Bergen frå juni til september, kan det i regionale samarbeidsmøte bli konkludert med at pasientar bør få tilbod om operativ behandling i andre regionar. Det er vanskeleg å anslå eksakt pasientvolum, fordi talet på pasientar varierer frå veke til veke, men nokre få pasientar per veke vil vere sannsynleg. Kapasiteten finst, og sjukehus i andre regionar er positive til å hjelpe. Vi veit at dette ikkje er ideelt for ei sårbar pasientgruppe, men det er nødvendig i ein overgangsperiode for å ta vare på pasienttryggleik, kvalitet og eit likeverdig tilbod til ei kvar tid. 

Behandlinga med cellegift blir oppretthalden utan endringar. Dette er ei spesielt sårbar pasientgruppe som bør få behandling i eigen region, så langt det er mogleg. 

Organiseringa av gynekologisk kreftbehandling i Bergen og samarbeidet med andre avdelingar på HUS er ikkje påverka av endringane i spesialistkompetansen på seksjon for gynekologisk kreft. Radiologisk avdeling, Patologisk avdeling, Kirurgisk avdeling, Kirurgisk serviceklinikk med smerteteam og palliativ eining bidreg framleis for å sikre kvalitet og ivaretaking av pasienttryggleiken. Kreftavdelinga bidreg også. 

Enkelte har uttrykt bekymring for Kvinneklinikkens ambisjonar innan forsking og innovasjon. Ved Kvinneklinikken, Gynekologisk avdeling finst det ein betydeleg vitskapleg kompetanse innanfor kreftområdet som ikkje er påverka av endringar i overlegegruppa. Vi har overlegar med relevante doktorgrader. Det er i tillegg LIS-3-legar med doktorgrad innanfor kreftområdet. Vi har eit velfungerande samarbeid med Bergen Gynekologiske kreftforskingsgruppe, der ulike studiar spesielt innan livmor- og livmorhalskreft er fokusområde. Det er også eit veletablert samarbeid med forskingsgrupper som forskar på  avansert bildediagnostikk innanfor gynekologisk kreft. 

Vi vil halde fram arbeidet med å behalde og rekruttere medarbeidarar til Kvinneklinikken med uforminska styrke. 

Det er vår vurdering at vi ved desse grepa skal kunne ivareta kvalitet, pasienttryggleik og sikre eit likeverdig tenestetilbod når det gjeld kirurgisk og medikamentell behandling til gynekologiske kreftpasientar. 

Susanne Albrechtsen, direktør Kvinneklinikken 

Eivind Hansen, administrerande direktør