Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Håper ny undersøkingsmetode skal gje betre behandling av pasientar med brystkreft

Radiologisk avdeling ved Senter for nukleærmedisin/PET, Brystdiagnostisk senter og Kreftavdelinga er i gang med å utvikle ein ny metode for å betre vurdere behandlingseffekt av brystkreft, noko som igjen kan forbetre behandlinga for den enkelte pasient.

Publisert 29.12.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Prosjektgruppen består av (f.v) mammaonkolog Hanna Dillekås, fysiker Frank Riemer (MMIV), radiokjemiker Tom Christian Holm Adamsen. (fra venstre fremste rad) mammaradiolog og leder BDS Hildegunn Aase, kjemiker Ole Heine Kvernenes, prosjektleder og senterleder PET-senteret Cecilie Brekke Rygh og PET/MR-radiograf Vivian Skjeie. Njål Brekke (fysiker), Andreas Tulipan (nukleærmedisiner) og Torjan Haslerud (nukleærmedisiner) var ikke tilstede da bildet ble tatt. 

Den nye metoden legg vekt på bruk av avanserte PET-sporstoff og PET/MR-bildediagnostikk. Trond Mohn-stiftinga har bidratt med 4,6 millionar kroner til forskingsprosjektet som vil halde  frem i fem år.

Ei PET/MR-maskin er ein kombinasjon av to avanserte bildediagnostiske modalitetar: Positronemisjonstomografi (PET) og Magnetisk resonanstomografi (MRI). Kombinasjonen av PET og MRI i éi maskin gir ei meir omfattande forståing av sjukdomstilstanden ved å innhente både funksjonell og anatomisk informasjon samtidig. Kva type informasjon ein får, avheng av kva type PET-sporstoff ein nyttar. PET/MR kan betre nøyaktigheita av diagnosar, behandlingsplanlegging og overvaking av sjukdomsframgang. Norge har tre PET/MR-maskinar (UNN, St.Olavs og Haukeland universitetssjukehus). Alle PET/MR-maskinene i Noreg er donert av Trond Mohn.  

Forskarane skal undersøke pasientane med ein PET/MR-maskin utstyrt med ein dedikert PET/MR-brystspole. Føremålet er å samanlikne to forskjellige PET-sporstoff: radioaktiv glukose (18F-FDG), som er det mest brukte sporstoffet innan PET, med eit anna sporstoff (18F-FAPI) som blir teke opp av ein type celler i svulsten som blir kalla fibroblastar. Vondarta svulstar har ein høgare del av fibroblastar, som er ein viktig drivar i utviklinga av svulsten. Forskarane skal derfor bruke sporstoffet 18F-FAPI, som bind seg til desse cellene for å sjå korleis desse cellene reagerer på behandlinga. 

Hypotesen er at ein kan få betre informasjon om kreftsvulsten sin respons på behandling ved å bruke 18F-FAPI samanlikna med eksisterande metodar som MR

En kvinne med blondt hår

Foto: HVL

Prosjektleder og senterleder PET-senteret, Cecilie Brekke Rygh.

 åleine eller 18F-FDG PET. Kombinasjonen av PET og MR gir òg informasjon frå to forskjellige undersøkingsmetodar samtidig, noko som kan vise seg å vere eit nyttig verktøy for å forbetre behandlinga av pasientar med brystkreft. 

-Vi er veldig takksame for donasjonen frå Trond Mohn-stiftinga som gjer denne forskinga mogleg. Dette kan vonleg ha stor tyding for brystkreftpasientar som kan få tidlegare og meir presis påvising av korleis deira krefttypar reagerer på behandling, noko som kan føre til betre prognosar og færre unødvendige biverknader, seier prosjektleiar og senterleiar ved PET-senteret, Cecilie Brekke Rygh.