Haukeland fekk arkitekturpris: – Dette er eit bygg som gjer noko med folk
Torsdag 27. november mottok Haukeland universitetssjukehus Bergen kommune sin arkitektur- og byformingspris 2025 for Glasblokkene byggetrinn 2 for barn, unge og kvinner – eit prosjekt juryen omtalar som eit førebilete for moderne helsearkitektur.

Foto: Jiri Havran
Under prisutdelinga tok prosjektleiar Helge Bergmann imot prisen på vegne av Helse Bergen som byggherre. Dermed fekk eit mangeårig arbeid – frå idé til ferdig bygg – si offisielle anerkjenning.
Juryen er ikkje i tvil: Dette handlar om langt meir enn form og fasade. Her er det bygd eit sjukehus som tek både terreng, klima og menneske på alvor. Prosjektet blir skildra som eit førebilete for nyskapande og inkluderande helsearkitektur, med pasienten i sentrum.
– Det er flott at sjukehuset kan utmerke seg på fleire område, og det er veldig kjekt at juryen framhevar at bygget bidreg positivt til byutviklinga. I prosjektet hadde vi eit felles mål om å løfte tilbodet til barn, unge og kvinner – og det meiner eg vi har lukkast med, seier Helge Bergmann, prosjektleiar i Helse Bergen.
Eit bygg i terrenget – ikkje på det
Utanfrå ligg bygget som eit band av glas og grønt i skråninga nord for Sentralblokka. I staden for éin massiv bygningskropp er volumet delt opp i lettare lamellar som trapper nedover i landskapet. Juryen trekkjer nettopp dette fram – måten bygget tilpassar seg staden på, i staden for å presse seg fram.
Arkitektane kallar hovudideen «Knase tangentar» – eit konsept som har følgt prosjektet heilt frå arkitektkonkurransen til ferdig bygg. Resultatet er eit sjukehus som blir opplevd meir oversiktleg, ope og mindre institusjonelt enn mange er vane med.
Frå inngangspartiet kan ein sjå ned i hagar og gangsoner – og løfte blikket mot fjellsida bak. Slik blir naturen trekt inn i bygget, ikkje berre som utsyn, men som ein del av bevegelsen gjennom romma og romopplevinga.
Bygd for barn – sett frå barnet sin ståstad
Juryen legg særleg vekt på korleis prosjektet tek omsyn til barn si oppleving av rom. Vindauga går heilt ned til golvet. Gangsonene heller svakt. Trappehusa har dagslys. Og i fellesareala møter ein fargar, figurar og former som er skapte for å bli forstått – ikkje berre sett.
Den integrerte kunsten – teikneserieliknande motiv på veggane, mønster i golva og små detaljar i overgangssonene – er ikkje dekor. Han er ein del av arkitekturen. Juryen rosar korleis bygget er utforma i «barnas augehøgde» og peikar på dei romlege og sanselege kvalitetane som gjer sjukehuset mindre framandt og meir tilgjengeleg for unge pasientar.
Grønt – også i praksis
Bygget får òg høg utteljing for miljøprofilen. Med energimerke mørkegrøn A, energibrønnar djupt i bakken og bruk av gjennomsiktige solceller i fasadar og gangbruer, meiner juryen at prosjektet syner korleis store helsebygg kan møte klimakrava utan at det går ut over kvaliteten.
Byggetrinn 2 er samstundes ei vidareutvikling av prosjektet som allereie mottok arkitekturprisen i 2017. Denne gongen blir særleg læringa frå første byggetrinn framheva – mellom anna betre løysingar for solskjerming og innsyn, med fleire lag vern i glasfasadane.
Meir enn ein pris
For Haukeland og Helse Bergen er dette ei fagleg anerkjenning. Men prisen handlar også om noko større.
Juryen er tydeleg på at bygget tilfører byen nye kvalitetar. Dette er arkitektur som ikkje berre tener sjukehuset, men også Bergen.
Prosjektet blir skildra som «funksjonelt, vakkert og varig», med ein inkluderande atmosfære der det er lett å orientere seg – og der både barn og vaksne kan kjenne seg trygge, både inne og ute.