Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Haukeland har fått internasjonalt kvalitetsstempel for stamcelletransplantasjonar

Etter nesten ti års innsats har Haukeland blitt tildelt JACIE-akkreditering, som anerkjenner sjukehuset sin kvalitet innan stamcelletransplantasjon. Sjukehuset får no tilgang til stamceller frå internasjonale senter med ubeslekta givarar rundt om i verda. Pasientar treng derfor ikkje å reise til Oslo for å motta stamceller frå ein givar dei ikkje er i familie med.

Publisert 16.02.2024
Sist oppdatert 04.09.2024
En gruppe mennesker som holder blomster
En gruppe mennesker som holder blomster
Seksjonsoverlege ved for Seksjon for celleterapi ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Guro Kristin Melve, Seksjonsoverlege ved Seksjon for blodsjukdommar ved Medisinsk klinikk, Astrid Marta Olsnes,Overlege Anne Kristine Lehmann,  Klinikkdirektør ved Medisinsk klinikk, Kahtan Al-AzawyAvdelingssykepleier ved Seksjon for blodsjukdommar, Ina Kobbeltvedt EndregaardAvdelingssjef ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Einar Klæboe Kristoffersen.

Stamcelletransplantasjon er ei viktig behandlingsform for visse typar kreft og andre alvorlege blodsjukdommar. JACIE-akkrediteringa sikrar at HUS no kan motta stamceller frå internasjonale senter, noko som er avgjerande for pasientars behandlingsmoglegheiter.

Frå før av er det berre Oslo universitetssjukehus som har denne akkrediteringa i Noreg.

Programmets seksjonar samarbeider tett både i kliniske prosessar og om utvikling, implementering, gjennomføring og vedlikehald av programmets kvalitetsstyringssystem.

JACIE HSCT-programmet ved HUS omfattar all hematopoietisk stamcelleaktivitet ved Seksjon for blodsjukdommar ved Medisinsk klinikk og Seksjon for celleterapi ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Seksjon for blodsjukdommar har ansvar for utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar, pårørande og givarar. Seksjon for celleterapi har ansvar for uttak, prosessering, lagring og distribusjon av autologe og allogene stamcelleprodukt.

—Endeleg, vegen har vore lang, men no er vi skikkeleg stolte. Dette er resultatet av eit tett og godt samarbeid på tvers av avdelingar på sjukehuset. Det er mange å takke for at vi har fått dette til. Det er viktig for pasientane å vite at behandlinga dei får følgjer dei beste internasjonale standardane, seier Astrid Marta Olsnes, seksjonsoverlege, Medisinsk klinikk.