Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Haukeland og Haraldsplass i grøn beredskap

Ein meir normal aktivitet i sjukehusa gjer at Haukeland universitetssjukehus (HUS) og Haraldsplass Diakonale Sykehus (HDS) no senkar beredskapen til grønt nivå frå fredag 14. januar.

Publisert 13.01.2022
Sist oppdatert 04.09.2024

​Grønt beredskapsnivå betyr at situasjonen framleis er uavklart og at det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. 

– Vi går ned i beredskap når vi kan, og opp igjen når vi må. Akkurat no er vi ein periode med færre covid-innlagde og litt betre kapasitet. Då signaliserer vi nettopp det både internt og eksternt ved å gå frå gult til grønt. Så veit vi at det kan komme ei ny bølge om nokre veker, og då er vi rede til å auke beredskapen raskt igjen, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.

Dei to sjukehusa i Bergen har vore på gult beredskapsnivå sidan 23. november, på grunn av stor innstraum av koronapasientar og høgt sjukefråvær blant eigne tilsette.
Torsdag morgon var det 10 innlagde på Haukeland og sju på Haraldsplass. 

– Vi har no tilnærma normal drift i sjukehuset. Vi følger situasjonen nøye og vil tilpasse aktiviteten etter behov. Samtidig prioriterer vi no opplæringsaktivitetar for vårt helsepersonell, sier Kjerstin Fyllingen, administrerande direktør ved Haraldsplass Diakonale Sykehus. 

Det er ikkje smittevernrestriksjoner i sjukehusa, men sjukehusdirektørane oppfordrar likevel publikum til å begrense besøk. 

– Det er framleis viktig å skjerme dei mest sårbare pasientane og vårt nøkkelpersonell for smitte, så vi oppfordrar generelt pasientar og pårørande til å vurdere om besøket kan vente til pasienten kjem heim, seier Hansen og Fyllingen.​​

Informasjon om timeavtale og besøk

Under koronavirus-epidemien har vi framleis restriksjonar på besøk i sjukehuset for å hindre smitte. Hvis du skal til timeavtale eller på besøk på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Finn skjema og meir informasjon om oppmøte
samtale sjukepleiar pasient.foto