Haukeland satsar mot europeisk toppnivå i kreftbehandling
Haukeland universitetssjukehus har eit ambisiøst mål: å bli eit Comprehensive Cancer Center (CCC). Det vil bety betre pasientforløp, meir forsking og sterkare samarbeid – både i Noreg og internasjonalt.
No er sjukehuset i gang med den omfattande prosessen for å bli akkreditert som CCC. Dette er ein internasjonal standard for sjukehus som gir heilskapleg og høgspesialisert behandling til kreftpasientar.

– Målet er å gi pasientane våre endå betre helsehjelp, og å styrke forskinga og samarbeidet vårt – både nasjonalt og internasjonalt, seier Kirsten Bolstad, prosjektleiar ved Kreftklinikken.
I dag er det berre Oslo universitetssjukehus (OUS) som har denne akkrediteringa i Noreg. Regjeringa sin nye kreftstrategi, Felles innsats mot kreft, har som mål at alle kreftpasientar skal ha likeverdig tilgang til eit Comprehensive Cancer Center.
– Vi er allereie godt i gang, og målet er å få akkrediteringa på plass innan 2026, seier Bolstad.
Betre samarbeid – og betre hjelp til pasientane
Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe for å leie prosessen, men mange avdelingar må bidra med dokumentasjon.
– Dette er ikkje noko vi i Kreftklinikken gjer åleine – heile sjukehuset er med. Mange avdelingar skal levere inn dokumentasjon om pasientforløp, pasientinformasjon, kvalitetssystem og forskingsaktivitet, seier Bolstad.
Akkrediteringa skjer gjennom Organisation of European Cancer Institutes (OECI), og krava er strenge. Sjukehuset må vise høg kvalitet på diagnostikk, behandling og rehabilitering – og at forsking er ein integrert del av kreftomsorga. Samhandling på tvers av fagmiljø er ein viktig del av prosessen.
– Akkrediteringa vil både løfte behandlinga for pasientane og styrke samarbeidet mellom forskarar og klinikarar. Vi jobbar allereie godt saman, men nokon jobbarframleis i siloar. Dette arbeidet vil bidra til å knyte oss tettare saman, seier Bolstad.
Kva betyr dette for pasientane?
For å bli akkreditert er det høge krav til forskingsaktivitet.

- Til dømes bør minst ti prosent av pasientane med kreft delta i kliniske studiar – i dag ligg vi på to prosent. Her må vi jobbe systematisk for å bli betre, seier Oddbjørn Straume, direktør for Kreftklinikken.
Skal sjukehuset lukkast, må forsking bli ein naturleg del av pasientbehandlinga – ikkje noko som kjem i tillegg.
– Vi må sørge for at fleire pasientar får tilbod om å delta i studiar, og at både helsepersonell og pasientar ser verdien av det. Det krev at vi tenkjer litt annleis, seier Straume.
Haukeland vil jobbe for å gjere det enklare for pasientar å bli med i forsking, og leggje til rette for at helsepersonell aktivt rekrutterer.
– Vi veit at meir forsking gir betre behandling. Derfor er dette ei endring vi er klare for å ta, seier han.
Haukeland oppfyller i dag minimumskravet til talet på behandlingsstudier: I 2022 hadde sjukehuset 82 slike studiar, medan kravet er minst 75.
– Vi må auke talet på kliniske studiar. For pasientane betyr det tilgang til nye og meir effektive behandlingar. Samtidig er det ein viktig læringsarena for nye forskarar og det gir betre forståing av kreft, noko som gjer det lettare å tilpasse behandlinga, seier Straume.
Meir samanheng og betre oppfølging
CCC-akkrediteringa handlar ikkje berre om forsking og behandling, men også om samarbeid og oppfølging.
– Fleire pasientar lever lenger med kreft, og dei fleste blir friske. Då blir god og tilpassa oppfølging viktigare enn nokon gong, seier Straume.
– Målet er å sikre betre flyt mellom avdelingane, slik at diagnostikk, behandling og rehabilitering heng betre saman. Vi har allereie gode pasientforløp, så pasientane vil ikkje merke store endringar. Men for oss internt betyr det betre organisering og samhandling, seier Bolstad.
Pasientinformasjon er òg ein viktig del av krava. Sjukehuset må gi tydeleg og tilpassa informasjon før, under og etter behandling.
– Vi vil gjere det enklare å vere pasient. Informasjonen skal vere forståeleg, tilgjengeleg og ta omsyn til både fysiske, psykiske og sosiale behov, seier Straume.