Heidrar kollegaer for å ha redda livet til Shahid 

Det siste Shahid Bajwa hugsar er at han var seint ute til eit møte. Renholder Mila Berg registrerte at han sprang forbi. Så høyrde ho fallet. Måten ho og andre kollegaer reagerte på, redda liv. Nå blir dei heidra med Godt jobba-prisen.  

Publisert 07.03.2025

– Eg veit ikkje korleis eg skal få takka dykk nok. Utan innsatsen dykkar hadde eg ikkje sete her i dag. Eg hadde vanvitig flaks. Det var visst ikkje min tur til å døy den dagen, seier Shahid Bajwa. 

En gruppe menn med diplomer
Heltane blei heidra av direktøren. Frå venstre: Nigussie Bogale, Lars Kallestadbakken, Shahid Bajwa, Sjur Elvatun, Gunnar Helland og Eivind Hansen. 

Shahid jobbar som driftskoordinator i Hospitaldrift sikkerheit. Han er kjent for det gode humøret sitt og kjappe replikk, men denne dagen sit kommentarane litt lenger inne. Han lèt blikket gli takksamt og audmjukt rundt bordet på møterommet i 4. etasje i Verkstedbygget, det same møterommet han hasta til 10. oktober i fjor. Det er første gong han møter Mila Berg, Gunnar Helland, Sjur Elvatun og Iqbal Virdee etter den dramatiske torsdagen i fjor haust. Kollegaene som redda livet hans. 

Shahid hadde hatt litt smerter i brystet ein periode. Fastlegen hadde tilvist han vidare til hjartespesialist, og forma var ikkje heilt på topp denne morgonen heller. Men, på jobb skulle han. 

 – Eg kjente at det lugga litt i brystet på bussen, og tenkte at eg skulle «blåse litt ut» ved å springe opp trappene til møtet. Ikkje så smart, kanskje, men ein er jo ofte ikkje så rasjonell til eiga helse, spesielt ikkje vi menn, seier Shahid.  

Midt mellom andre og tredje etasje sa det stopp. Bokstavleg talt. 

Hjartet stoppa 

– Eg reingjorde toaletta, og registrerte i sidesynet at han sprang forbi. Så høyrde eg eit veldig smell, fortel Mila Berg, som hadde si første veke på jobb som reinhaldsarbeidar.   

Smellet var Shahid som «fall som ein sekk». Hjartet hans stoppa og den då livlause kroppen, trefte steintrappa hardt og brutalt med hovudet først. 

- Eg hadde ikkje mobil på meg, så det første eg tenkte var å rope om hjelp slik at vi fekk ringt 113 og starte hjarte- og lungeredning, seier Mila Berg.  

Gunnar Helland på teknisk avdeling var på veg for å hente seg ein kaffi i 3. etasje, da han høyrde ropa til Mila. 

 – Eg såg raskt at han ikkje var mogleg å få kontakt med og ikkje hadde puls. Vi fekk ringt 113 og eg sette i gang med hjartekompresjonar, fortel Helland.  

Kollega Sjur Elvatun var – heldigvis for Shahid - litt sein på jobb denne dagen, og hamna midt inn i den dramatiske livredninga i trappa. Etter kvart kom også Lars Kallestadbakken og Iqbal Virdee til.   

Kor lenge dei heldt på med hjartekompresjonar og innblåsingar, veit dei ikkje. 

– Det var truleg berre nokre minutt, men det kjentest som om tida stod stille, seier Gunnar Helland.  

– Eg visste kor hjartestartaren vår var plassert, og sprang og henta han. Etter éin støyt fekk vi beskjed om at han hadde puls igjen. Ikkje lenge etter var stansteamet på plass og tok over, fortel Elvatun.  

Mila Berg klarte ikkje å halde tårene tilbake då ho gjenopplevde hendinga i eit møte for eit par veker sidan. 

– Det er så sterkt å sjå at du lever og sit her og smiler, Shahid. Det var ei veldig dramatisk oppleving. Å få møte deg og sjå at det gjekk bra, er utruleg fint, og viktig for å bearbeide hendinga, seier Mila Berg.   

Livredning tatt ut av læreboka 

En person som skjærer en kake

Shahid kan ikkje få fullrosa innsatsen til kollegaene. 

Tilfeldigheiter gjorde at dei som kom først til staden hadde både øving, erfaring og kunnskap med hjarte- og lungeredning.  

Mila Berg har tidlegare jobba som flyvertinne og var drilla i førstehjelp, og dei som jobbar med straum og elektronikk på Teknisk avdeling har årlege HLR-kurs på grunn av faren knytt til å jobbe med straumførande apparat. I tillegg visste dei kor næraste hjartestartar var. 

Dette er livredning tatt rett ut av læreboka. Utan denne gjengen sin resolutte innsats hadde ikkje Shahid levd. Det seier Nigussie Bogale, intervensjonskardiolog på Hjarteavdelinga, som var med i teamet som tok imot Shahid på akuttmottaket. 

– Når ein kjem først til ei ulykke eller når nokon fell om, kan ein lett «fryse til» og bli handlingslamma.  Eg er djupt imponert over korleis alle her reagerte både raskt og korrekt, seier Bogale.  

Han håpar hendinga med Shahid, som heldigvis enda godt, kan vere ein «*wakeup *call» for oss alle. 

– Dette kan skje oss alle, anten at vi sjølv eller ein kollega fell om på jobb eller privat, eller at vi er den første på staden. Eg oppfordrar alle til å friske opp førstehjelpskunnskapane sine og finne ut kor den næraste hjartestartaren er, seier Bogale. 

Heldigare enn jackpot-vinnar 

Shahid håper også at historia hans kan bidra til å auke bevisstheita for førstehjelp. 

– Ein kan jo bli religiøs av mindre. Eg stod opp igjen frå dei døde 10. oktober takka vere desse folka, gliser Shahid, og viser at han er på god veg tilbake til sitt gamle eg.  

En mann som sitter ved et bord
Shahid Bajwa meiner han har vore heldig, sjølv om det har vore ei tøff oppleving.

I tillegg til hjartestansen fekk han ei kraftig hjernebløding i det harde fallet i trappa.   

– Det har vore ei tøff oppleving, men eg har vore utruleg heldig. Hovudverk og svimmelheit er peanuts i forhold kva ein kunne frykte etter ein sånn skade.  Ein av legane sa at eg har vore heldigare enn den som vann Eurojackpotten aleine.  Eg vel å sjå enda meir positivt på livet enn før, avsluttar Shahid.  

Heidra av direktøren 

– Eg blir rørt og audmjuk når eg høyrer denne historia, sa Eivind Hansen då han samla livreddar-gjengen på ny i Jørgen Sandbergs hus denne veka. På dette møtet deltok også Lars Kaldestadbakken.   

Alle dei fem som var mest aktive i livredninga av Shahis Bajwa blei heidra med Godt jobba-prisen.  Mila Berg og Iqbal Virdee var dessverre forhindra frå å delta, men vil få utmerkinga seinare. 

– Når ein reddar livet til ein kollega blir “godt jobba” eigentleg eit understatement. Det er kolossalt og fantastisk godt jobba. Her har de brukt kunnskap, tilgjengeleg utstyr og jobba saman i eit effektivt team.   Eg er djupt imponert og stolt over at vi har så flotte og modige kollegaer som klarer å halde hovudet kaldt i ein så dramatisk situasjon, sa Eivind Hansen.   

Og avsluttar: 

- No skal eg jammen melde meg på det HLR-kurset eg har tenkt på ei stund.   

 I mellomtida kan både Eivind Hansen og alle andre sjå denne videoen:  

https://youtu.be/lg1alG2WE7Y 

Frisk opp HLR-kunnskapane dine.