Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Bergen innfører mobil røntgenteneste til sjukeheimar

Frå no av kan sjukeheimspasientar få røntgenundersøking utan å forlate rommet sitt.

Publisert 09.05.2025
To kvinner som står foran en varebil
F.V: Radiografane Vibeke Isdal Aase og Therese Standahl er klar for ein ny arbeidskvardag.

Denne veka starta Helse Bergen opp med mobil røntgenteneste. Det betyr at pasientar på sjukeheim som treng røntgen, ikkje lenger treng å reise til sjukehus. I staden kjem radiografen til dei, og bileta blir sende digitalt til røntgenlege for vurdering.
 
– Dette handlar om å gi god helsehjelp på ein måte som er trygg for pasienten og effektiv for tenesta. Mange sjukeheimsbebuarar er for svake til å bli transporterte, og for dei betyr dette ei  forbetring, seier Ingfrid Helene Salvesen Haldorsen, direktør for Radiologisk avdeling ved Helse Bergen.

Nær pasienten – heile vegen

Den mobile tenesta gjer det mogleg å stille diagnose raskare og reduserer behovet for innlegging. Røntgenundersøkinga blir gjennomført på pasienten sitt rom, og bileta blir overførte direkte frå apparatet til spesialist på Haukeland.
 
I første omgang gjeld tilbodet sjukeheimar med kort køyreavstand, før det gradvis blir utvida til å gjelde innan ein times radius. Tenesta er heildigital, og radiografane kan arbeide effektivt på fleire stadar same dag.

Eit betre tilbod – for dei som treng det mest

Målgruppa er pasientar som er for skrøpelege til å reise, og der det hastar med diagnostikk. Mobil røntgen bidreg til meir treffsikker behandling, auka tryggleik og betre bruk av ressursane i helsevesenet.

Ein fornøgd sjukeheimslege

Nokre sjukeheimar har hatt eit liknande tilbod tidlegare, men etter å ha vore nedlagt

En mann med briller
Dagrun Gunnarson , sjukeheimslege ved Ladegården sjukeheim.

i nokre år er tilbodet no revidert og digitalisert og vil gjelde fleire sjukeheim og pasientar. 

– Mobil røntgen er eit etterlengta og utelukkande positivt tilbod i sjukeheim. Sjølv om institusjonen vår har kort reiseveg til radiologisk avdeling er det ofte stor belastning for mange av våre skrøpelege bebuarar. Ventetid må reknast med, både til transport og til sjølve undersøkinga, seier Dagrun Gunnarson , sjukeheimslege ved Ladegården sjukeheim.

– Enkelte takkar nei til røntgen av den grunn. Dei fleste av våre bebuarar treng følge til undersøkinga. Dersom pårøyrande ikkje har høve til å følga må ein av dei tilsette følga. Denne organsieringa krev mykje logstikk og stel både tid og ressursar, seier Gunnarson.

Kort oppsummert:
 
Oppstart: 5. mai 2025
 
Røntgenundersøking på pasienten sitt rom
 
Bileta blir sende digitalt til røntgenlege
 
Mindre transport – raskare avklaring
 
Forventa færre innleggingar og mindre behov for pasienttransport
 
Les meir: Mobil røntgenteneste frå Helse Bergen - Helse Bergen HF