Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Bergen og Bergen kommune testar ny modell for helsehjelp utanfor sjukehus

Korleis kan helsetenesta møte ei framtid med fleire eldre, fleire pasientar med samansette behov og stadig større press på akuttenestene? Dette er bakgrunnen for pilotprosjektet Prehospital vurderingseining (PVE), eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen og Bergen kommune. Måndag 7. september starta piloten, og konseptet skal testast i praksis.

Publisert 08.09.2026
To menn som står ved siden av en gul sjukebil
Frå venstre: Jørn-Inge Tirevoll, prosjektdeltakar og PVE-behandlar, og Kristian Furuskjeg, forskingsmedarbeidar.

Helse Bergen og Bergen kommune har utvikla prosjektet saman. Det er finansiert med samhandlingsmidlar frå Helsefellesskapet, midlar frå Rebekka Ege Hegermanns legat og idéoverføringsmidlar frå Helse Vest. Prosjektperioden varer frå september 2026 til mars 2027.

Målet med pilotprosjektet er å utforske korleis kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta kan samarbeide tettare for å gi pasientane meir samanhengande helsehjelp før dei eventuelt kjem til sjukehus.
Prehospital vurderingseining er med andre ord ikkje ei ny, permanent teneste. Det er ein pilot der Helse Bergen og Bergen kommune skal teste, evaluere og vidareutvikle organiseringa, arbeidsformene og gevinstane.

prosjektleiar, Steffen Berland
Steffen Fløysand Berland, prosjektleiar.

– Både kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta står overfor store utfordringar i åra som kjem. Fleire eldre, høgare aktivitet og mangel på personell gjer at vi må tenkje nytt. Ambisjonen med PVE er å finne løysingar som både gir betre pasientforløp og gjer at vi kan bruke dei samla ressursane betre, seier prosjektleiar Steffen Fløysand Berland.


– Erfaringane frå piloten skal gi oss eit grunnlag for å ta vidare avgjerder om korleis dei prehospitale tenestene i området vårt kan utviklast. Samtidig skal prosjektet bidra til meir kunnskap nasjonalt, seier Berland.

Byggjer på erfaringar frå Danmark

PVE byggjer mellom anna på erfaringar frå Danmark. Der har liknande modellar for prehospital vurdering og avgjerder om vidare helsehjelp vore i bruk i fleire år.
Erfaringane tyder på at fleire pasientar kan få ei trygg og forsvarleg vurdering og behandling utan å bli transporterte til legevakt eller sjukehus. Samtidig kan belastninga på ambulansetenesta og akuttmottaka bli mindre.

Medarbeidarar frå Helse Bergen og Bergen kommune har studert modellen og vurdert korleis han kan tilpassast norske forhold. Dei har utvikla ein bergensversjon med ein erfaren paramedisinar, legekompetanse frå kommunen og ein koordinator i AMK. Dei skal samarbeide på tvers av tenestenivåa.

Teamet skal bidra til grundigare vurderingar, betre støtte når helsepersonell skal ta avgjerder, og meir målretta oppfølging av utvalde pasientar med akutte tilstandar som ikkje er tidskritiske.

Helsehjelpa flyttar ut til pasientane

For pasientane betyr dette at helsehjelpa i større grad kan flytte ut til dei, i staden for at dei må flyttast til helsehjelpa.
I dag blir mange pasientar transporterte til legevakt eller sjukehus for å bli vurderte, sjølv om det seinare viser seg at dei ikkje treng innlegging eller anna avansert behandling.

PVE skal undersøkje om fleire pasientar kan få trygg vurdering, behandling og oppfølging heime eller nær heimen. Det skal skje gjennom tettare samarbeid mellom tenestene og ved hjelp av ein spesialressurs.
Spesialressursen får utstyr til å analysere blod- og urinprøver nær pasienten. Han får også legemiddel og utstyr til å behandle dei vanlegaste subakutte tilstandane som ikkje krev innlegging på sjukehus.

For pasienten kan dette gi eit mindre belastande forløp. For helsetenestene kan det gi betre bruk av ressursane og styrkt beredskap.

Ingen endring for innbyggjarar eller samarbeidspartnarar

For pasientar, pårørande og helsepersonell som samarbeider med tenestene, skal kontakten med AMK eller legevakta vere som før.
Ved akutt fare for liv og helse skal du ringje 113. Treng du ei legevurdering, kontaktar du legevakta på vanleg måte.

AMK og legevakta vurderer om ein pasient kan vere aktuell for oppfølging gjennom pilotprosjektet. Dersom det er aktuelt, koplar dei inn PVE-koordinatoren.
PVE er dermed ikkje ein ny inngang til helsetenesta, men ein ny måte for legevakta, AMK og ambulansetenesta å samarbeide på.