Helse Bergen og Siemens Healthineers inngår intensjonsavtale om samarbeid innan forsking og innovasjon
Avtalen vart signert i starten av april og skisserer eit rammeverk for korleis partane kan samarbeide om å kombinere kompetanse og ressursar innan klinisk forsking og implementering.

Foto: Svein Arne Nesøy, Apriil
Samarbeidet skal bidra til å:
- sikre at ny kunnskap raskt blir utvikla til meir treffsikker pasientbehandling
- utnytte teknologiske framsteg til å utvikle eit berekraftig pasienttilbod, slik at fleire pasientar får behandling av høg kvalitet med redusert ressursbruk for helsepersonell
- ta i bruk og vidareutvikle kunstig intelligens innan bildediagnostikk, særleg innan kreft, nevrologi og kardiologi
- innføre protonterapi og forbetra konvensjonell stråleterapi for meir presis kreftbehandling
– Vi i Siemens Healthineers ser fram til å bidra med medisinteknologisk kompetanse inn i Helse Bergen sitt leiande miljø for forsking og utvikling. Intensjonen med samarbeidet er å bidra til gjennombrot innan diagnostikk og behandling av pasientar, forbetre arbeidsflyten for helsepersonell og sikre ei framtidig berekraftig helseteneste, seier Fredrik Altmeier, administrerande direktør i Siemens Healthineers Noreg.
Siemens Healthineers er ein av verdas leiande leverandørar av medisinsk teknologi innan bildediagnostikk, kreftbehandling og minimalt invasive prosedyrar. Selskapet har om lag 120 tilsette i Noreg som arbeider for å bidra til utviklinga av det norske helsevesenet og løyse framtidas utfordringar saman med sjukehusa – til beste for pasientar over heile landet og i kampen mot dei mest livstrugande sjukdommane.
Som landet sitt nest største universitetssjukehus har Helse Bergen ei omfattande satsing på medisinsk og helsefagleg forsking og innovasjon, med eit forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå. I 2025 bidrog Helse Bergen til meir enn 1100 forskingspublikasjonar.
Haukeland universitetssjukehus er i ein prosess med mål om å bli akkreditert som Comprehensive Cancer Center i løpet av 2026. Dette er ein internasjonal standard for heilskapleg og høgspesialisert behandling av kreftpasientar.
– Tett samarbeid med utstyrsleverandørane som utviklar det avanserte utstyret vi nyttar i behandlinga, er viktig for å sikre at utstyret blir brukt rett og på ein måte som gir trygg og effektiv kreftbehandling, seier Oddbjørn Straume, direktør ved Kreftklinikken på Haukeland universitetssjukehus.
Helse Bergen har òg sterke fagmiljø innan bildediagnostikk og biletevegledd behandling ved Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV) og PET-senteret, begge ein del av Radiologisk avdeling.
– Takket vere gåver frå Trond Mohn har Radiologisk avdeling ein moderne og avansert bildediagnostisk utstyrspark i verdsklasse, noko pasientane våre er heldige som har tilgang til. Tett samarbeid med leverandørane av utstyret vårt er viktig for å sikre trygg og korrekt bruk – til beste for pasientane våre, seier Ingfrid Haldorsen, direktør ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus.
Kreftbehandling særleg prioritert i samarbeidet
Intensjonsavtalen byggjer vidare på ein eksisterande Master Research Agreement frå 2016, som allereie omfattar Radiologisk avdeling i Helse Bergen.
Den nye intensjonsavtalen utvidar samarbeidet til fleire kliniske fagmiljø, inkludert stråleterapi, nukleærmedisin og avansert bildediagnostikk for målretta diagnostikk og behandling av kreftsjukdommar, kardiologiske og nevrologiske lidingar.
Kreftområdet er særleg prioritert i samarbeidet.
– Intensjonsavtalen synleggjer eit felles ønskje om å samarbeide breitt til beste for pasientane i regionen vår, seier Clara Gram Gjesdal, viseadministrerande direktør i Helse Bergen.
Avtalen gir eit overordna rammeverk som gjer det enklare å etablere konkrete samarbeidsavtalar innan forskingsprosjekt, der det òg kan søkjast om finansiering av forskingsstillingar og stipendiatstillingar.
Intensjonsavtalen opnar også for internasjonalt forskingssamarbeid gjennom Siemens Healthineers sitt globale partnarnettverk.