Helse Bergen tilbyr hjelp til studentar
Er du ny student i Bergen? Ny by og nye vener er spennande, men det kan òg dukke opp nye utfordringar. Helse Bergen har fleire lågterskeltilbod som kan vere til god hjelp.
Digital behandling for angst, depresjon og søvnproblem
Gjennom eBehandling tilbyr Helse Bergen rettleia internettbehandling for mellom anna panikkliding, sosial angst og depresjon. Behandlinga byggjer på kognitiv åtferdsterapi og skjer via skriftleg kontakt med ein terapeut. Du treng ikkje tilvising, og du kan følgje behandlinga i ditt eige tempo – perfekt for ein travel studentkvardag.
👉 Les meir og søk om behandling: eBehandling hos Helse Bergen
URO – Ung Rus Oppdaging
Har det blitt mykje festing i det siste? Stressar du ned med rus? På tide å snakke om det? Då ønskjer Helse Bergen å komme i kontakt med deg før problema blir store og rusbruken vanskeleg å handtere. URO har avklarings- og korttidstilbod som skal gjere det enklare for unge mellom 15 og 25 år å få hjelp med begynnande rusvanskar.
📍 Adresse: Håkonsgaten 1, også kalla Engenbygget
🕒 Du kan ringe oss på telefon 415 24 141 frå kl. 08.00 til 15.30 alle kvardagar
👉 Les meir om tilbodet og URO-teamet hos oss
Test deg for seksuelt overførbare infeksjonar – enkelt og gratis
På Poliklinikken for seksuelt overførbare infeksjonar (SOI) ved Haukeland universitetssjukehus jobbar det spesialistar som tilbyr gratis testing og behandling. Du treng ikkje time – berre møt opp og trekk kølapp frå kl. 08.00. Då får du ein samtale om behov for testing og risikoar. Du kan òg bestille gratis heimetest for klamydia og gonoré via Helsenorge.
Ved positiv test blir du kontakta, og behandling samt eventuell smittesporing skjer raskt og diskret. For klamydia kan alt ordnast via telefon, medan gonoré krev fysisk oppmøte for vidare behandling.
📍 Oppmøtestad: Hudbygget, Jonas Lies veg 73
🕒 Opent måndag–fredag, sjå detaljar på nettsida
👉 Les meir om SOI-poliklinikken
Skadepoliklinikken i Bergen helsehus
I Bergen helsehus i Solheimsviken finn du både Skadepoliklinikken Helse Bergen og Bergen legevakt, den allmennmedisinske legevakta til Bergen kommune.
Skadepoliklinikken behandlar akutte skadar i armar og bein, som brot og forstuingar, kutt, sår og brannskadar. Dersom du har skada deg, kan du møte opp på Skadepoliklinikken utan å ringe på førehand.
Om du blir akutt sjuk eller skada, er Bergen Legevakt tilgjengeleg heile døgnet – 24/7. Før du møter opp, er det anbefalt å ringe 116 117 for råd og eventuell time.
📍 Adresse: Solheimsgaten 9, 5058 Bergen
📞 Telefon: 116 117
🕒 Opent: Heile døgnet, alle dagar
Du finn meir informasjon på Bergen kommune si nettside om legevakta
Tips til deg som er ny student
- Ikkje nøl med å be om hjelp – tilboda er der for deg.
- Hugs at psykisk helse er like viktig som fysisk helse.
- Test deg jamleg viss du er seksuelt aktiv – det er enkelt og førebyggjer alvorlege helseproblem.