Helseministeren besøkte Eitri: Innovasjon i helsesektoren i fokus

Tysdag besøkte helseminister Jan Christian Vestre Eitri for å få ein nærare titt på dei innovative løysingane som vert utvikla i Bergen. Vestre fekk innsikt i korleis desse nyvinningane kan bidra til å effektivisere helsearbeidet, auke pasientsikkerheita og forbetre behandlingane som vert tilbode i Noreg.

Helena Heimstad
Publisert 05.03.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
(F.v) Kari Øritsland, Ådne Iden Høiland, Jan Christian Vestre, Gerd Kvale, Eivind Hansen, Per Bakke, Sarankan Sivakanesan, Hilse Ulvik Hordnes og Øystein Theodor Ødegaard-Olsen.

Direktør for Eitri, Ådne Iden Høiland, ønska ministeren velkomen. Høiland byrja med å gi ei innleiing til Eitris arbeid, og framheva korleis senteret spelar ei sentral rolle i å leggje til rette for nyskaping og utvikling av nye helsetenester. 

– Vi er opptatt av å utfordre grenser og skape varige endringar. Lidenskapen vår ligg i å utvikle løysingar som gjer ein reell forskjell for menneske. Kvar steg vi tek, er drevet av ønsket om å bidra til ein betre framtid. For å lykkast, treng vi ambisiøse politikarar og ein offentleg sektor som tør å investere i nye løysingar, sa Høiland. 

Ny teknologi for ein meir effektiv og pasientvennleg helsesektor

Deretter følgde ein pitch-session, der fire helsegründarar fekk moglegheit til å presentere sine innovasjonsprosjekt. Kvar av dei delte sine erfaringar med dei utfordringane dei jobbar for å løyse, og korleis deira løysingar kan forbetre helsetenester. 

Dei forklarte òg kva som skal til for å få prosjekta ut i praksis. Presentasjonane gav eit innblikk i korleis ny teknologi kan bidra til ein meir effektiv og pasientvennleg helsesektor. 

Effektivisere utarbeidinga av turnus

Hilde Ulvik Hordnes presenterte teknologiselskapet Dynamon, som jobbar for å forenkle og effektivisere arbeidet med utarbeiding av turnus ved hjelp av KI. 

– Vi ønskjer å frigjere tid for leiarar og gi betre turnusar for tilsette. Dynamon kan bidra til å gi betre helsetenester ved at fleire helsepersonell fortset å arbeide i helsesektoren i åra som kjem, forklarte Hordnes. Ho hadde eit tydeleg bodskap til helseministeren. – Hev nedre terskelverdi, og skap insentiv for å ta i bruk ny teknologi. 

Mer tid til pasientane  

Helsetenesta Noteless vart presentert av Sarankan Sivakanesan. Noteless gjer samtalen mellom helsepersonell og pasient, om til tekst i ein form som passar i pasientjournalen. 

Dette gjer at helsepersonell kan bruke meir tid på pasienten og mindre tid på administrasjon. Løysinga er utvikla av eit tverrfagleg team som kombinerer medisinsk kompetanse med teknologisk innovasjon. 

– Teamet vårt består av legar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og teknologiekspertar innan kunstig intelligens. Sammen jobbar vi for å skape ei løysing som verkeleg forstår og tilpassar seg helsepersonells behov – utvikla av helsepersonell, for helsepersonell, sa Siva. 

Teknologi for respiratorisk overvaking  

Øystein Theodor Ødegaard-Olsen introduserte Eupnea, eit selskap utvikla av eit norsk team beståande av helsepersonell og ekspertar innan sensorteknologi og datakommunikasjon. Selskapet har utvikla ein liten, trådlaus sensor som festast direkte på pasienten og overvaker pust. 

Sensoren sender måledata over 5G-nettverket til skyen, utan behov for lokalt utstyr eller Bluetooth-tilkopling. 

– Eupnea har som mål å revolusjonere respiratorisk overvaking ved å tilby tryggare pasientbehandling og forenkla rutinar, sa Olsen. 

Nytt konsept for kroniske helseplager  

Safe Choice Clinic & Research er ein kunnskapsbedrift som gjer verksemme intervensjonar tilgjengelege for folk der dei bur – når dei treng det. Deres arbeid vart presentert av dagleg leiar Gerd Kvale. 

– Målgruppa er dei som slit med helseplager i eit slikt omfang at det går utover arbeidsdeltakinga. Vi skreddarsyr intervensjonar som har som mål å auke funksjonsnivå og arbeidsdeltaking, forklarte Kvale. 

En mann som står foran en tavle
Helseministeren foran møtereferatet som ble tegnet av Kari Øritsland.

– Hvis de lykkast, lykkast vi 

Programmet fortsette med presentasjonar frå Per Bakke, dekan ved Universitetet i Bergen, og administrerande direktør ved Haukeland Universitetssjukehus, Eivind Hansen, som delte sine perspektiv på innovasjon i helsesektoren. Begge framheva viktigheita av å tilpasse seg nye løysingar og samarbeide på tvers av fagområde for å møte dei aukande utfordringane i helsevesenet, og korleis vi kan dra nytte av nye teknologiar for å skape eit meir effektivt og berekraftig system. 

– Det er viktig at vi er offensive, og tilrettelegg for å kommersialisere innovasjonsidear som blir skapte her, sa Hansen. 

Avslutningsvis tok òg helseministeren ordet og understreka betydninga av eit innovativt og framtidsretta helsesystem. 

– Vi må sjå nærare på dei regulatoriske rammene og vurdere korleis vi kan leggje betre til rette for nytenking i helsesektoren. Det er avgjerande at vi gir gründerar moglegheiten til å bidra med sine løysingar, og skapar eit rom der nye tenester kan vekse fram. Offentleg sektor må tenkje langsiktig og tørre å satse på samarbeid mellom det offentlege og private. Vi kan ikkje la frykt for nye måtar å jobbe på stå i vegen for utvikling. Hvis de lykkast, så lykkast vi, sa helseministeren.