Helsetilsynet avsluttar saka mot Helse Bergen

Helsetilsynet er fornøgd med tiltaka Helse Bergen har sett inn etter Norwait-saka, og avsluttar tilsynet.

Publisert 23.03.2023

​Helsetilsynet skriv i avslutningsbrevet frå 17. mars 2023, at dei opplever at Helse Bergen har tatt Norwait-saka på alvor, blant anna ved å gå gjennom rutinene våre for å tydeleggjere ansvar i forskingsprosjekt, og utarbeide nye rettleiingar.  


Det blir også framheva i brevet at føretaket har utarbeidd kompetanseplanen «Grunnleggende forskningskompetanse» for medarbeidarar i helseforskings-prosjekt, og no stiller krav om at medarbeidarar i helseforskingsprosjekter skal ha fullført kompetanseplanen. 
 
Føretaket har sjølv vurdert å innføre eit krav om rapportering frå nivå 2-einingar til sentral stab for gjennomført kontroll med forskings- og kvalitetsprosjekt, og dette ser Helsetilsynet også at det er behov for. 

​I konklusjonen heiter det:
"Samla sett vurderer vi at ­­Helse Bergen har iverksett nødvendige tiltak og at det derfor ikkje er behov for vidare tilsynsmessig oppfølging. 
På denne bakgrunn avsluttar vi den delen av tilsynssaka som gjeld Helse Bergen HF."​​
En mann med briller

​- Norwait-saka er alvorleg, og fleire av pasientane våre har blitt påført ekstra risiko og liding ved å delta i studien. Vi har erkjent at vi ikkje hadde gode nok system for å forankre og følgje opp slike kliniske forskingsprosjekt, og har jobba med å forbetre rutinene våre.  Eg håper vi no, gjennom erfaringane frå dette tilsynet, er betre rusta til å drive med klinisk forsking i sjukehuset. Det er nødvendig for at vi skal kunne gjennomføre samfunnsoppdraget vårt, seier fagdirektør Marta Ebbing i Helse Bergen.