Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kvalitetsprisen 2025

Hjelpa som når fram

Gjennom 20 vekers intens terapi med DBT-A-teamet på Haukeland, får fortvilte ungdommar ein ny kvardag. Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut.

Publisert 05.06.2025
En gruppe mennesker som holder blomster og en plakett
Frå venstre: Gro Janne Wergeland, Bjørn Egil Vikse (fagdirektør Helse Vest RHF), Viktor Schønning, Liv Kleve, Yvonne Ingvaldsen, Eivind Hansen (administrerende direktør Helse Bergen) og Anne Mari Syversen. Foto: Øystein Fykse.

DBT-A er eit spesialteam innan psykisk helsevern barn og unge i Bergen, der DBT står for dialektisk åtferdsterapi. Hit kjem ungdommar i djup krise. Ofte har dei sjølvmordsforsøk bak seg, emosjonell ustabilitet og sjølvskading er ein del av kvardagen.

Teamet vart oppretta i 2014, og har sidan den gongen dokumentert utviklinga gjennom eit internt kvalitetsregister. Og tala taler for seg sjølve: Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut. For dette får dei i år Helse Vest sin kvalitetspris.

– Vi ser ein auke i talet på tilvisingar, og norske studiar viser også at det har vore ein auke frå fire til 16 prosent dei siste 20 åra, av ungdom som sjølvskadar, seier psykologspesialist og teamkoordinator Anne Mari Syversen i DBT-A-teamet.

Sidan oppstart av gruppa i 2015, har dei gått frå ei pilotgruppe med fire pasientar, til fire grupper med seks pasientar i kvar.

– Det synest eg seier noko om behovet. Vi har også ventelister, og ligg på om lag 60 tilvisingar i året. Eg trur ikkje vi fangar alle, og eg trur det også er mørketal, seier Syversen.

Medfødd sårbarheit

Ungdommane kjem til DBT-A via barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). I programmet går dei både i individualterapi og i ferdigheitstrening saman med ein føresett, for å lære korleis dei kan regulere kjenslene sine meir hensiktsmessig.

DBT-tankegangen er ein biopsykososial modell, som betyr at dei ser på mennesket som ein heilskap. Korleis biologiske, psykologiske og sosiale forhold speler saman i utviklinga og vidareføringa av sjukdom.

– Vi tenkjer at desse ungdommane har ei medfødd sårbarheit og ofte reagerer med sterke kjensler. Det tek også lenger tid før dei roar seg ned, forklarer Syversen.

Ein slik kombinasjon gjer ofte at menneska rundt også reagerer på ein viss måte, ofte med at ungdommane får beskjed om å «ta seg saman» eller at dei overdriv.

Når kjenslene ikkje blir anerkjende, kan situasjonen eskalere og bli verre både for ungdommen og dei rundt. Mange av ungdommane som kjem til DBT-A, er også utsette for mobbing.

– Dei treng andre strategiar for å handtere kjenslene sine. Mange av desse ungdommane lid mykje, dei er inn og ut av sengepost og somatikk, og opptek mykje plass i systemet.

Syversen understrekar kor viktig det er å gi desse ungdommane god hjelp, for dette er ei gruppe som også har forhøgt risiko for sjølvmord i vaksen alder.

Er tilgjengelege

Ungdommar på institusjon var vanskelege å nå, men dei siste åra har DBT-A-teamet fått tak i desse òg. Gjennom mange møte med Bufetat, og god forankring i leiinga.

– Vi har lært oss å stole meir på eigen intuisjon, og på metoden vi jobbar etter. Dei siste pasientane vi har hatt på institusjon, har vi lykkast med, og dei har vorte heilt skadefrie. Det er så gøy, og det gir så mykje motivasjon i teamet, understrekar ho.

Syversen fortel det er krevjande å gå i DBT. Dei har jobba tett med institusjonane, slik at ungdommane får med seg den same kontaktpersonen til alle terapitimar. Det har gitt gode resultat.

– Ungdommar på institusjon tørstar på omsorg og næring. Det at vi har kunna justere terapien, og at dei får ha med fast personale, trur eg har gjort at vi har lykkast.

Ein ting som skil seg frå BUP, er at individualterapeutane i DBT-A kan vere tilgjengelege for pasientane. Telefonkonsultasjonar har vore viktig for mange, og er ein hjelp til å lære seg å bruke ferdigheitene de lærer i DBT.

– Vi sender bilete av katten eller hunden vår, og byggjer relasjonar for å tryggje dei. Når meldinga om «er du der?» kjem, så er vi det.

Komprimert versjon

Basert på erfaringane frå kvalitetsregisteret, resultat frå ein systematisk gjennomgang av litteratur og foreløpige data frå ein pre-post-studie, samt drøfting med forskarar og ekspertar i DBT-miljøa, ser dei no på moglegheitene for å utvikle ein komprimert versjon av DBT.

– Mange takkar nei til å bli med, for det krev mykje av dei. Dei må fylle ut dagbokskort, gjere heimelekser, slutte å sjølvskade, og føresette må ha fri frå jobb for å vere med på ferdigheitstrening.

Mange blir også skadefrie allereie i dei innleiande orienteringssamtalane, eller når dei er halvvegs i programmet. At nokon droppar ut fordi dei tidleg i forløpet blir skadefri, synest psykologspesialistane er bra, for dei skal ikkje bruke tid på programmet når dei klarer seg godt.

– Fordi ikkje alle treng fullverdig DBT, og andre synest det blir for omfattande, trur eg det kan bli viktig for desse pasientane å ha ein komprimert versjon tilgjengeleg, seier Syversen.