Kan kjemikaliar forskyve puberteten?
Korleis påverkar kjemikaliar vi omgir oss med til dagleg, utviklinga til barn? Dette er temaet for eit nytt, banebrytande forskingsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus (HUS).

BGS2 prosjektet er leia av barnelege Pétur B. Júlíusson, og undersøker korleis ei gruppe hormonforstyrrande stoff, kalla PFAS, kan påverke tidspunktet for puberteten hos norske barn.
– Vi veit at PFAS kan ha langvarige effektar på kroppen, men korleis dei påverkar puberteten er framleis uklart, seier Júlíusson.
Fakta om prosjektet
Prosjekttittel: Influences of Endocrine Disruptive Chemicals on Pubertal Development among Norwegian children. The Bergen Growth Study 2 (BGS2)
Studien: Undersøker om PFAS, ei gruppe på over 10 000 kjemikaliar som brytast sakte ned og hopar seg opp i naturen og kroppen, påverkar tidspunktet for pubertet hos norske barn ved hjelp av ultralyd, testikkelvolum og hormonanalyser.
Starttidspunkt: 01.01.23
Varigheit: 3 år (til 31.12.25)
Finansiering: Helse Vest
Forskargruppa:
Eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen (UiB), Folkehelseinstituttet (FHI) og KU Leuven i Belgia.
Deltakarar:
Pétur B. Júlíusson, barnelege og prosjektleiar
Mathieu Roelants, PhD, biostatistikar og epidemiolog, KU Leuven
Ingvild H. Forthun, lege i spesialisering og doktorgradsstipendiat, UiB
Ingvild S. Bruserud, PhD, postdoktor og sjukepleiar, HUS og HVL
Helle Katrine Knutsen, PhD, cellebiolog og toksikolog, FHI
Les meir: Vekststudien i Bergen 1 og 2 | The Bergen Growth Study 1 and 2
Overskrid grensene
Studier frå Europa og USA viser at jenter har kome tidlegare i puberteten dei siste tre tiåra, medan trenden for gutar er mindre tydeleg. Forskarar har foreslått at hormonforstyrrande stoff, saman med auka overvekt, kan vere ein medverkande årsak. PFAS finst i regnklede og matemballasje, brytast sakte ned og hopar seg opp i naturen og kroppen. BGS2-prosjektet undersøker samanhengen mellom PFAS-nivå i blodet og pubertetsutvikling hos barn.
— 1 av 5 barn i studien har PFAS-nivå som overskrid tryggleiksgrensene sett av Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik, seier Júlíusson.
Ingvild Halsør Forthun er doktorgradsstipendiat, og BGS2 inngår som ein del av hennar doktorgradsprosjekt.
— Hypotesen vår var at PFAS kan forstyrre hormonbalansen. Basert på dyrestudiar var hypotesen at desse stoffa kunne forseinke puberteten, ikkje føre til tidlegare pubertet, fortel Forthun.
Det finst lite forsking på puberteten hos gutar. Det unike med denne studien er dei presise målingane, mellom anna ultralyd av testiklane, testosteronnivå og mengde kjønnshår.

Banebrytande metodar
Ei av styrkene ved BGS2 er bruken av objektive målemetodar. I tillegg til blodprøver, vert det brukt ultralyd for å vurdere brystmodning hos jenter og testikkelvolum hos gutar.
— Dette gir meir presise data enn tradisjonelle undersøkingar eller sjølvrapportert pubertetsstatus, som mange tidlegare studiar har basert seg på, seier sjukepleiar og postdoktor Ingvild S. Bruserud.
Prosjektet har kartlagt PFAS-nivåa hos 1094 barn (6–16 år), og fann høgast nivå hos dei yngste barna og hos gutar.
— Tidlegare har målingar av PFAS hos norske barn vore avgrensa til enkelte aldersgrupper. Våre data gir derfor eit breiare og meir komplett bilete, seier Júlíusson.
Forskarane delte gutane i tre grupper etter PFAS-nivå. Dei med høgast nivå kom i snitt 10 månader seinare i puberteten – ein tydeleg forskjell, seier Forthun.
Viktige funn og framtidige perspektiv
Forskarane har identifisert ein tydeleg samanheng mellom høgt PFAS-nivå og seinare pubertet hos gutar. Gutane med høgare PFAS-nivå hadde mindre testikkelvolum, lågare testosteronnivå og seinare kjønnshårvekst.

I neste fase vil forskarane analysere korleis PFAS påverkar pubertetsutviklinga hos jenter. Resultata er venta å bli publiserte innan utgangen av 2025.
— Det er viktig at vi også ser på korleis jenter vert påverka, då hormonforstyrrande kjemikaliar kan ha ulike effektar på kjønna, forklarer Júlíusson.
Kva betyr dette for samfunnet?
PFAS er allereie knytt til helseskadelege effektar som redusert vaksinerespons hos barn og auka risiko for visse krefttypar. Resultata frå BGS2 styrkjer hypotesen om at desse stoffa også kan forstyrre pubertetsutviklinga.
— Vi håpar funna våre kan bidra til strengare reguleringar. Noreg og fleire andre land jobbar allereie for eit forbod mot heile gruppa av PFAS. Våre data kan bli viktige i dette arbeidet, seier Júlíusson.
Støtte frå deltakarane
BGS2 vart gjennomført som ei tverrsnittstudie mellom januar og juni 2016. Studien vart gjennomført ved seks tilfeldig utvalde offentlege skular i Bergen kommune, der alle elevar vart inviterte til å delta. Deltakarprosenten var 44 %.
Brukarmedverknad har vore ein sentral del av prosjektet. Tilsette ved skulane gav verdifulle tilbakemeldingar i starten av studien, noko som auka deltakinga og gjorde undersøkingane meir brukartilpassa.

Foto: Øystein Fykse
Deltakarane vurderte dei kliniske undersøkingane via spørjeskjema, inkludert ultralydundersøkinga og den tradisjonelle inspeksjonen av pubertetsutvikling.
— Det er viktig at vi involverer deltakarane og lyttar til deira erfaringar. Dette styrkjer kvaliteten på forskinga og gjer resultata meir relevante for samfunnet, seier Júlíusson.
Basert på data frå BGS2 er det laga nye referansar for pubertetsutvikling for norske jenter og gutar, som har erstatta tidlegare pubertetskurver basert på ei dansk studie frå 90-talet.
Internasjonalt samarbeid for betre helsetenester
Med forskarar frå fleire institusjonar i Noreg og internasjonalt, er prosjektet eit døme på korleis samarbeid og nytenking kan bidra til betre helsetenester og folkehelse.
— Ved å forstå korleis kjemikaliar påverkar utviklinga og puberteten hos unge, kan vi bidra til å verne dei betre i åra som kjem, avsluttar Júlíusson.