Er du sisteårsstudent? Kom på karrieretreff på Haukeland

Drøymer du om ein karriere ved eitt av landets største sjukehus? Haukeland universitetssjukehus inviterer deg til årets store karrieretreff 17. oktober – ein gyllen moglegheit for sisteårsstudentar innan sjukepleie, vernepleie, bioingeniør, psykologi, helsefag, medisin og radiografi til å utforske framtida si hos oss.

Publisert 11.10.2024
Sist oppdatert 21.02.2025
Ung kvinne med pasient.

På karrieretreffet kan du

  • møte engasjerte fagfolk og avdelingsleiarar frå heile sjukehuset
  • Utforske spennande jobbmoglegheiter og få rettleiing i karrierevegen din
  • besøke stands frå ulike avdelingar og fagfelt

Tid og stad:

  • 17. oktober, kl. 13:30–17:30
  • Kor: Bikuben konferansesenter på Haukeland universitetssjukehus
  • Servering: Gratis pizza! (meld deg på så vi veit kor mykje vi skal bestille)

Karrieretreffet tilbyr også

  • Eksklusive foredrag om arbeidsliv, karriereutvikling, traineeprogram og rekruttering
  • Praktisk info om turnusordningar og arbeidsmoglegheiter
  • Nettverksbygging med fagpersonar og leiarar som er klare til å svare på spørsmåla dine

Hugs å melde deg på og få tilsendt oppdatert program på e-post!

Meld deg på her: https://forms.office.com/e/SGXbjuNXam

 

Dette er sjansen din til å ta det neste steget i karrieren og bli ein del av sjukehuset.