Kom mai du skjønne milde - eller?
Med vår og varme følgjer ofte ein mindre velkommen gjest med: Pollen.
– Dei vanlegaste symptoma på pollenallergi kjem frå nasen og auga, opplyser Torgeir Storaas, leiar for Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet i Helse Vest.
Nasen blir tett, det renn, du klør og du nyser. Auga blir raude på det kvite, dei klør og renn, og nokon får også hevelse i augelokka.
– Mange opplever også kløe i ganen og svelget og kan til og med oppleve kløe i øyra, fortel Storaas.
– Astma-symptom er heller ikkje uvanleg med tung pust og piping, ev og/eller hosting.
Men fortvil ikkje. Storaas har gode råd å gi.
– Særleg på varme, vindfulle dagar er det lurt å rett og slett å lukke vindauga for å unngå for mykje pollen inn i huset. Klesvasken bør tørkast inne, seier han.
– Om det er mogleg for deg å opphalde deg på sjøen er det mindre pollen der, og pollensesongen kjem seinare på fjellet. Er du over tregrensa blir det i alle fall mindre trepollen (bjørk).
Ifølge Storaas er pollensesongen for bjørk, som vanlegvis gir dei sterkaste symptoma, fire veker i overgangen april til mai. Mange reagerer også på selje som startar før og varer litt lengre, og or og hassel som kan starte så tidleg som i februar. Graspollen kjem først i slutten av juni, men kan vare ut august.
Storaas anbefaler å starte behandling tidleg.
– Det er alltid lurt å vere i gang før sesongen startar, tipsar han.
– Dei fleste klarer seg med ein tablett antihistamin, såkalla allergitablett. Det finst mange typar som for eks. Zyrtec/Cetirizin, Loratadin, Aerius, Telfast, Kestine og fleire til. Den beste behandlinga er lokalt kortikosteroid, ofte kalla kortison, til nasen, som også gir god effekt på auga.
Her finst det også mange val ifølge Storaas, men han framhevar dei 2 siste nasesprayane som er komne på marknaden som inneheld både kortison og eit antihistamin; Dymista og Ryaltris.
– Kortison verkar kjempebra på allergi, men må bli tatt fast dagleg for best effekt. Skikkeleg god effekt kjem først etter 1-2 veker, fortel han.
Det er også aktuelt med augedråpar med antihistamin og andre typar augedropar.
– Dersom alt dette har vore forsøkt, men du likevel er betydeleg plaga, er det god indikasjon for å begynne på allergen immunterapi, også kalla for allergivaksinasjon, seier Storaas.
– Vi har no smeltetablettar både for bjørk og gras og også allmennlegar kan skrive ut og følge opp slik behandling, som går over tre år. Effekten kjem vanlegvis til første sesong, og så held ein fram i to år til for å få ein langvarig effekt.