Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kreftavdelinga har fått ny strålemaskin

Fredag vart snora klippa for den nye strålemaskina på Haukeland som er den første av sitt slag i landet. Maskina skal gjere kreftbehandlinga betre og meir effektiv.

Publisert 06.02.2024
Sist oppdatert 07.02.2024
Ny strålemaskin

Måndag denne veka gjekk maskina i full drift med om lag 20 pasientar dagleg. Kreftavdelinga bestråler rundt 2300 pasientar årleg. Planen er å behandle om lag 450 av dei i den nye maskina.
 
Strålemaskina som er av typen Halcyon har god pasientkomfort, lagar lite lyd og er raskare enn andre strålemaskinar. Den største fordelen med maskina er at behandlar kan følgje nøye med om anatomien har endra seg med tanke på planleggings-CT. Om avviket blir for stort kan behandlar tilpasse stråledosen utan å ta ein ny planleggings-CT, noko som vil avlaste CT-maskina.
 
Maskina er ein strålemaskin og ein CT-røntgenmaskin i eitt. Prisen er 35 millionar kroner.
 
Magnar Vinsjansen har prostatakreft og er midt i behandlingsforløpet med 12 strålebehandlingar til no. Han er ein av dei første til å få strålebehandling i den nye strålemaskina.

Magnar er ein av de første pasientane i ny strålemaskin. 

– Eg har teke på min finaste underbukse for høvet. Maskina er mykje kjappare og mykje fredlegare, seier Magnar etter strålebehandlinga.

Stolt avdelingsdirektør

Oddbjørn Straume
Til høyre: Avdelingsdirektør på Kreftavdelinga, Oddbjørn Straume.

– I åra som kjem vil det bli ein auke av kreftpasientar. Då blir effektivt behandlingsutstyr viktig. Men det som er vel så viktig som ny teknologi, er dei flinke folka som skal bruke maskinane til å behandle våre pasientar. Tusen takk til alle som har bidrege med montering og testing av maskina. Og lukke til med å ta den i bruk, sa avdelingsdirektør på Kreftavdelinga, Oddbjørn Straume då han klippa snora til den nye strålemaskina.

mann med strålemaskin
Lukas Andreas Hirschi, assisterande seksjonsleiar, Kreft medisinsk fysikk.

– Maskina er meir effektiv, noko som vil gjere pasientforløpet meir effektivt. Vi kan ta bilete og gje behandling på same maskin. Det som vi tidlegare gjorde i to sesjonar kan no gjerast i éin sesjon. Det blir mindre ventetid for pasientane mellom dei ulike stega i behandlinga. Det er bra for oss som skal behandle og pasientane som får behandling, seier Lukas Andreas Hirschi, assisterande seksjonsleiar, Kreft medisinsk fysikk.
 

Fakta:

Kreftavdelinga har totalt seks lineærakseleratorar. Den nye maskina er den første av typen med den nye bildemodaliteten. Av desse seks er fire av typen "TrueBeam" som er standarddesign for strålemaskinar. Av den nye typen har kreftavdelinga no to. Dei er av same design, men programvara er ulik. Maskina har ein meir avgrensa fleksibilitet enn ein TrueBeam, men har ein ny bildemodalitet som heiter "HyperSight", med samanliknbar kvalitet av ein CT. Det tyder at behandlar ser pasienten sin anatomi på ein "CT-lik" måte kvar dag og har dermed ein betre kontroll over kva som bestrålast. Ethos er same maskin, men har ein annan programvare for å tilpasse stråledose dagleg. Men den har ikkje HyperSight.