Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kunstig intelligens finn kreft minst like godt som radiologar: – Dette kan endre diagnostikken

Bukspyttkjertelkreft er blant dei mest dødelege kreftformene. Kvart år blir nær tusen nordmenn ramma – og for mange kjem diagnosen så seint at behandling ikkje lenger er mogleg.

Publisert 10.12.2025
.

No viser ein ny internasjonal studie, med deltaking frå Haukeland universitetssjukehus, at kunstig intelligens (KI) kan bli eit avgjerande verktøy for å oppdage sjukdommen tidlegare. 

Ei av kreftformene som er vanskelegast å oppdage 

Bukspyttkjertelkreft er den tredje vanlegaste kreftrelaterte dødsårsaka i Noreg. CT er standardverktøyet når legane har mistanke om svulst i bukspyttkjertelen, men funna er ofte små, utydelege – og særs krevjande å tolke, sjølv for erfarne radiologar. 

Difor stilte forskarane spørsmålet om kunstig intelligens kan gjere jobben betre. 

Det korte svaret er ja. 

Resultata, som no er publiserte i det prestisjetunge tidsskriftet The Lancet Oncology, viser at KI presterer minst like godt som spesialtrena fagpersonell. 

.
F.V: Marjolein Liedenbaum, overlege ved Radiologisk avdeling, Professor Anders Molven ved Labroatorieklinikken og Ingfrid S. Haldorsen, Direktør ved Radiologisk avdeling, professor.

– Ei open utfordring til heile verda 

– Dette prosjektet har vore ein unik moglegheit til å lære noko nytt og bidra til å utvikle kreftdiagnostikken, seier Marjolein Liedenbaum, overlege ved Radiologisk avdeling. 

Den nederlandske forskingsgruppa bak studien inviterte KI-miljø over heile verda til å utvikle algoritmar som kunne oppdage kreft i bukspyttkjertelen. Deltakarane fekk tilgang til CT-bilete der ein visste at pasienten hadde kreft, og kvar svulsten sat. 

Responsen lét ikkje vente på seg. 

– Det kom inn over 250 forslag. Dei tre beste metodane blei testa vidare, forklarer Liedenbaum. 

Deretter blei KI-algoritmane prøvde ut på CT-bilete frå 1130 personar. Rundt 400 av desse hadde påvist bukspyttkjertelkreft. Samstundes vurderte 68 radiologar eit utval av det same materialet, utan å kjenne fasiten. 

Konklusjonen var klar: KI treff like godt – eller betre – enn radiologane i å skilje mellom kreft, andre sjukdomar og normale tilstandar. 

– Inspirerande å sjå kor langt radiologane har kome 

Også patologi-miljøet ved Haukeland har bidrege til studien. Professor Anders Molven har stilt eit stort forskingsmateriale til disposisjon. 

– Vi har jobba med bukspyttkjertelkreft i mange år, men her fekk vi høve til å bruke dataane på ein heilt ny måte. Det er inspirerande å sjå kor langt radiologane har kome i bruken av KI, seier han. 

Molven er tydeleg på at dette berre er starten: 

– KI har stort potensial innan all diagnostikk der mønstergjenkjenning er viktig. Patologane kjem til å følgje etter. 

Kan avlaste radiologane 

Direktør ved Radiologisk avdeling, professor Ingfrid S. Haldorsen, er ikkje i tvil om betydninga. 

– Moglegheita for tidlegare og meir treffsikker diagnostikk er særs lovande. Vi bruker allereie KI i mellom anna tolking av mammografibilete, og ser at det sparer tid for radiologane utan å gå på kostnad av kvaliteten, seier Haldorsen. 

Ho understrekar at Haukeland sitt bidrag til studien ikkje hadde vore mogleg utan eit langvarig og tett samarbeid mellom ulike forskingsmiljø i Bergen. 

– At materialet vårt kunne bli ein sentral del av denne store KI-studien, er vi stolte av. Eg er endå tryggare no på at KI-verktøy vil avlaste radiologane – og bidra til at fleire pasientar får rett diagnose i tide, både i bukspyttkjertelen og i andre organ, seier ho.