Kunstomvising i Glasblokkene

Eit femtitals kunstinteresserte personar trassa snøvêr og kaos i fly- og kollektivtrafikken – vi fekk nyss om at minst éi kom på ski – då KORO (Kunst i offentlige rom) i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus inviterte til omvising i og rundt Glasblokkene sist veke.

Trond Blom, avd leder biblioteket
Publisert 23.01.2024
En bygning med et tre foran

Denne omvisinga konsentrerte seg hovudsakleg om nyopna Glasblokkene 5-8. Anført av kurator Jørgen Blitzner, blei deltakarane i grupper vist rundt både ute og inne og kunstnarar til stades gav undervegs djuparegåande innblikk i prosessar og tankar bak og rundt dei ulike kunstverka: Mari Røysamb og Ole Rosén står bak 11 store perler i ulike materiale som er spreidd rundt i hagane – som om eit perlehalsband har roke og perlene har trilla i alle retningar. Ida Helland-Hansen la ut om sine flotte linoleumsmønstre i fleire golv i Glasblokkene 1-4 og i fem gangbruer som bind blokkene saman i Glasblokkene 5-8.  

Ute i parkeringsanlegget, ved inngang til Føden, fortalte Hilde Hauan Johnsen om sitt verk Bølger, blomst og sammenvevde bånd, eit kunstverk i behandla, vridd bjørkefinér, hengande på kraftige magnetar på metallplatene oppunder taket, lyssett bakfrå – etter kvart med fargar. Undervegs fekk deltakarane dessutan sett kunstverk som veggmåleriet Med hodet i Bergen? av Bertil Greging, søylerekkene SinusFibonacci og Korpus av Edith Lundebrekke, Håkon Anton Fagerås’ marmorspedbarn, verket Nice to see you, to skulpturar som «snakkar» saman, nemleg toppen av eit kaninhovud og eit par gigantiske briller, av den tyske kunstnargruppa inges Idee, mellom anna.

I tillegg fekk nokon høve til å ta i augesyn Frans Widerbergs 15 meter lange, fantastiske keramiske veggrelieff, Rytterfrise, laga i 1968 til vestibylen på Psykiatrisk klinikk, Haukeland sykehus, som det heitte den gang, og som varsamt vart teke ned i 2011 før det under kyndig leiing vart restaurert og i 2017 gjenoppført på veggen over terapibassenget i Glasblokkene 1-4.

Les meir om kunst på Haukeland

En gruppe mennesker som ser på et skjelett på en vegg
Bølger, blomst og sammenvevde bånd.
En basketballbane i en bygning
Et hvitt kosedyr på et bord
Håkon Anton Fagerås’ marmorspedbarn.
En lekeplass med sklie
Et maleri av en grønn og gul båt i en glassmonter
En mann som står ved siden av en snømann
En gruppe mennesker som står i snøen
En gruppe mennesker som står utenfor en bygning med en blå og hvit skulptur
En gruppe mennesker som går opp trapper
En snøkule på et bord