Kva driv du med?
I serien "Kva driv du med?" kan du bli litt kjend med dei som arbeider i Helse Bergen, og kva dei driv med. Haukeland universitetssjukehus har landsfunksjon for planlagt (elektiv) hyperbar oksygenbehandling (HBO), og tar i mot pasientar frå heile landet. Ein av dei tilsette der er spesialsjukepleiar Tone Merete Jansen.
Publisert 19.09.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
Navn: Tone Merete Jansen
Alder: 47
Utdanning: Sjukepleiar og intensivsjukepleiar
Stilling: Jobbar som spesialsjukepleiar på Yrkesmedisinsk avdeling, primært ved Hyperbarmedisinsk Seksjon.
Kva gjer du i dag?
Eg arbeider i hovudsak som spesialsjukepleiar ved Hyperbarmedisinsk seksjon, også kjent som staden kor ein driv trykkammerbehandling. Eg har også ansvar for å utføre undersøkingar av pasientar som er til utreiing for hand- og armvibrasjonssyndrom, ved Arbeidsmedisinsk Seksjon.
Kva er hovudoppgåvene dine til vanleg?
Hovudoppgåva er å vere med og drifte pasientbehandling i einmanns-trykkammer (monoplace), anten som kammerkøyrar eller ansvarsvakt.
Kor tid arbeider du?
Avdelinga vår er poliklinisk, så vi har arbeidstid måndag til fredag mellom kl 07.30 - 16.30, ni timars arbeidsdag altså.
Nokon gonger kan vi også bli spurt om vi har anledning til å vere med og køyre behandling i helgene, dersom vi har pasientar som ikkje kan ha behandlingspause i helga.
Kva er ein bra arbeidsdag for deg?
Ein bra arbeidsdag er når ein har pasientar innom som anten er veldig nøgde med behandlinga vi gir, eller som vi kan hjelpe på ein ekstra god måte. Det å finne rom til ein god samtale på tomannshand med ein pasient, sjølv i ein til tider travel kvardag, føles veldig bra.
Samtidig er det å ha eit godt samhald og miljø mellom oss kollegaer viktig - så ein god dag inneber også ein god prat med kollegaer. Og god stemning og godt humør er viktig, både saman med pasientar og kollegaer - det løfter arbeidsdagen.
Kva ser du fram til på jobb i haust?
Det er vel ikkje noko spesielt som skal skje her hos oss vidare i haust. Drifta går som vanleg, og den er jo til ei viss grad rutineprega, bortsett frå at vi stadig får nye pasientar til oss. Dei fleste går i eit 6 vekers behandlingsforløp her hos oss, men for nokon er det 4 + 2 veker behandling.
Men, no i august var det markering av 100-års jubileet til Radio Medico her ved Yrkesmedisinsk avdeling - det var veldig kjekt å kunne vere med på!
Kva er ditt fagmiljø opptatt av om dagen?
Fagmiljøet mitt er jo eigentleg intensivsjukepleie, men i arbeidskvardagen min no så er det primært hyperbarmedisin som er fagmiljøet mitt.
Og vi er alltid opptatt av å spreie kunnskap om hyperbarmedisinsk behandling - noko som gjeld for heile Noreg, då vi er ei nasjonal behandlingsteneste (pasientar kjem hit frå heile landet).
Våre pasientar er i hovudsak tidlegare kreftpasientar, som har seinskadar etter strålebehandling. Vi er opptatt av at desse skal fangast opp - at fleire forstår at pasientens symptom er seinskadar etter strålebehandling - både fastlegar og pasientane sjølve. Og at pasienten skal få tilbod om behandling her hos oss. Det siste avheng av at behandlar eller pasienten sjølv har høyrt om behandlinga slik at pasienten blir tilvist - så vi ønsker alltid å spreie ordet om behandlinga vi driv med.
For interesserte, går det an å lese meir her - både om hva behandlinga inneber, og kva anna som kan behandlast her hos oss;
Kva er den største misoppfatninga om ditt yrke?
Eg trur eg heller vil seie noko om den største misoppfatninga kring den behandlinga vi gir her i avdelinga.
Vi trykkset nemleg pasientane våre til det som tilsvarar 14 meters djupne. Så ligg ein inne i eit trykkammer og pustar 100% oksygen i den tida behandlinga varar.
Behandlingsforma er ukjent for dei fleste når dei kjem hit, så mange har sett for seg at dei skal senkast fysisk nedover, med ein slags heisemetode. Men, det er ikkje slik det skjer. Kammeret står ved sidan av oss på golvet, og så oppnår vi 14 meters djupne ved å trykksetje kammeret.
Ei søt historie frå ein pasient, fortel også om kva eit barn kan sjå for seg; nemleg at bestemor skulle liggje og bade i vatn under heile behandlinga, sidan ho hadde fortalt at ho var på 14 meters djup. Så det kan kome fram ein del rare misforståingar om behandlinga vi driv med.
Kvifor bør andre velje dette yrket?
Eg er jo utdanna sjukepleiar, og har deretter tatt videreutdanning innan intensivsjukepleie.
Og eg må seie at eg aldri har angra yrkesvalet mitt. Det er ein trygg jobb, og ein har mange moglegheiter for kva spesialitet ein kan velje og kva avdeling ein arbeider ved.
Det å videreutdanne seg som intensivsjukepleiar, er veldig kjekt.
Her ved Haukeland universitetssjukehus kan ein arbeide som intensivsjukepleiar ved fleire avdelingar, og ein får ein vid og god kunnskapsbase.
Det er både spennande og givande å kunne arbeide med akutt kritisk sjuke, i tillegg til deira pårørande.
Med ei brei erfaring med seg, så gir det også rom for andre spesialitetar/jobbar etter kvart, slik som for min del her ved Yrkesmedisinsk avdeling.