Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kvinneklinikkens førstekvinner – og den siste

Siste barn er fødd, og siste kvinne har reist. Kvinneklinikken har flytta til Glasblokkene!

Publisert 07.11.2023
Sist oppdatert 04.09.2024

-  Det har vore veldig fint å vere her på Kvinneklinikken. No er vi spente på å bli med på flyttelasset! 

Vesle Ariana kom til verda dagen før heile Kvinneklinikken skulle ut på si historiske reise. No skal snart mor Aleksandra Balog gjere seg klar 

Kvinne med nyfødd på brystet.
Vetle Ariana slappar av saman med mor Aleksandra Balog før avreise. Snart flyttar dei til Glasblokkene saman med resten av Kvinneklinikken.

-  Det er jo litt spennande å skulle få vere på to sjukehus under eit fødselsopphald, fortel den nybakte tobarnsmora.  

Til saman er det 30 vaksne pasientar og 17 nyfødde som blir med frå gamle KK til Glasblokkene denne dagen.

Mens dei fleste kvinnene får transport med ambulanse eller maxitaxi, vert fleire fedre, tilsette og mange av dei små nyfødde både feira – og frakta over - i eit partnartog. 

-  Dette er ein historisk augneblink. No går vi i samla flokk frå eit hus som vi på Kvinneklinikken har budd i i 97 år, seier ein rørt klinikkdirektør Susanne Albrechtsen til dei ho vandrar saman med. 

- Det er vemodig og ein æra er over, men no venter eit nytt kapittel på den andre sida. Takk for at de vil slå følgje.

Ei gruppe menneske som går i tog i tunnel, med flagg og folk som filmar og tar bilde.
Partnartoget med nybakte foreldrer og tilsette leia fram av strålande nøgde og glade direktørar, Eivind Hansen (t.v) og Susanne Albrechtsen (t.h.) i front på veg til Glasblokkene.

Norske flagg, bursdagssong, hurrarop og varme smil følger toget heile vegen til Glasblokkene.

Føder mens vi flytter

-  Gratulerer med dagen – og velkommen til Glasblokkene. I dag er vi med på ei trygg og fantastisk flott flytting. Og rundt oss har vi ein fantastisk entusiastisk gjeng medarbeidarar. Eg er veldig imponert over alt de får til. Vi skiftar hjul på bilen i fart – vi føder mens vi flyttar. Tusen takk til alle som har bidratt, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

-    No startar ein ny æra i eit nytt og fantastisk bygg. Vi gler oss til den kvalitetshevinga dette bygget inneber for våre kvinner, og gler oss til å utvikle tilbodet vårt her. No skal vi starte på det vi har planlagt i ti år – no er vi klare til å kome i gang, smiler klinikkdirektøren i sitt nye bygg. 

Aleksandra og Ariana er allereie på plass i nybygget og testar dei nye fasilitetane.

Mor med nyfødd baby.
- Eg synest det er veldig fint her, vakkert! Det er ganske så ulikt frå der vi kjem frå i dag. Vi har fått oppleve mykje. Alle er veldig glade.

Mael siste mann ut

- Vi fekk den siste lua dei hadde! 

Tett samla på sengekanten tar den historiske familien imot oss. Mael vart fødd klokka 9.44 på Kvinneklinikken den 7. november 2023. Dermed vart han det siste barnet som kom til verda her.

En mann og kvinne som holder en baby
-  Vi hadde termin i dag på flyttedagen, og var vel ganske sikker på at vi kom til å føde i Glasblokkene. Så enda vi her, som den siste i ei lang rekke av familiar. Det er litt spesielt, og veldig gøy, seier Christer og Dzudera.

Dzudera Glesne (30) vart den siste kvinna som fødde på gamle KK. Saman med far Christer Nordnes (40) er det både mat, flagg og ekstra mykje merksemd før dei snart er på veg over til nybygget.

-  Vi har blitt tatt godt vare på her. No er vi spente på det som ventar oss. 

4,5 timar seinare kom den første nyfødde til verda i Glasblokkene. Klokka 14.18. vart ei jente fødd på Føde A. Ho var 50 cm lang og 3920 gram. 

Førstekvinnene – og den aller siste

Kvinne i seng på rom på gamle Kvinneklinikken.
- Det er ganske rart, og litt fint, at eg skulle få bli den siste i ei så lang rekke av kvinner.

Klokka nærmar seg 14.00. Pasient etter pasient har flytta over. Rebekka Fagerli (26) er den aller siste kvinna som reiser frå Kvinneklinikken.

To kvinner står på balkong, under balkongen flyttast ei kvinne på ambulansebåre inn i ambulanse.
Susanne Albrechtsen (t.h.) og  Martha Vadset på balkongen til bygget som har husa Kvinneklinikken i 97 år. Under balkongen blir siste kvinne frakta med ambulanse til Glasblokkene. 

-  Eg har jo ikkje tenkt så mykje over det, men det er eigentleg ganske spesielt. Tenk på alle dei kvinnene som har vore her før meg, seier Rebekka.

Rebekka får skyss ut av Kvinneklinikken. Ambulansemedarbeidarane tar dagens niande – og aller siste tur.

På Balkongen kjem to andre kvinner ut.

Smilet et stort både hos klinikkdirektør Susanne og hennar assisterende Martha Vadseth. 

No er jobben gjort. Siste pasient er på veg over.

Dørene til ein 97 år gammal Kvinneklinikk vert lukka. 

Så ruslar dei over til den nyopna borti gata.

 

 

 

 

Sjå fleire bilde frå innflyttingsdagen 

Mor med nyfødd baby.
Aleksandra og Ariana er allereie på plass i nybygget og testar dei nye fasilitetane.
Ei gruppe menneske, helsepersonell, tilsette, pasientar og pårørande oppstilte med flagg, ballongar og tog.
Ein glad gjeng med tilsette sto klare for å ønske partnartoget velkommen til Kvinneklinikkens nye lokale i Glasblokkene.
Bilde av ein skjermen til mobiltelefon som tar bilde av opptog og flagg.
Jubel, hurrarop og flagg møtte partnartoget då dei kom til syne i starten av gangbrua frå Sentralblokka til Glasblokkene.
Far og mor som holder nyfødd baby med blå strikkelue.
Mael vart fødd klokka 9.44 den 7. november 2023. Dermed vart han det siste barnet som kom til verda på Kvinneklinikken før dei flytta til Glasblokkene.
Ambulanse køyrer mot nye KK i Glablokkene, trær med gule bladar.
Til saman flytta 30 vaksne pasientar og 17 nyfødde frå gamle KK til Glasblokkene denne dagen. Dei fleste kvinnene fekk transport med ambulanse eller maxitaxi.
Skiltet på gamle Kvinneklinikken blir tatt ned.
Etter 97 år i KK-bygget startar ei ny tid for Kvinneklinikken i Glasblokkene.