Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årstadhuset eit viktig steg nærmare realisering

Ikkje mindre enn tre statsrådar troppa opp på Haukeland tysdag. Med seg hadde dei ein gledeleg lekkasje frå statsbudsjettet: Innvilga lånesøknad på 611 millionar til Årstadhuset.

Publisert 01.10.2024
En gruppe mennesker som står utenfor
Lubna Jaffery, Eivind Hansen, Jan Christian Vestre og Kjersti Toppe framfor Årstadhuset.

- Det er gledeleg å kunne bidra til dette viktige prosjektet, sa helseminister Jan Christian Vestre. 

 

Med seg på lekkasje-stuntet hadde han sine to lokale statsrådskollegaer, Kjersti Toppe og Lubna Jaffery.  Både  barne – og familieminister Toppe og kultur- og likestillingsminister Jaffery har eit sterkt forhold til bygningen som tidlegare husa KK.  

 
- Eg både er født og har født i dette bygget. Det er veldig flott at det no skal bli eit viktig nytt tilbod til ei gruppe som verkeleg treng det. Det veit eg, for jeg har vore sosialbyråd i denne byen, sa Jaffery. 

-Her skal det bli tipp topp moderne sjukehusbygg for rus og psykiatripasientar slik at det blir samlokalisert med somatiske helsetenester her på Haukeland – ei veldig bra satsing for ei pasientgruppe som sårt treng å bli satsa på, sa Kjersti Toppe. 

Her kan du lese meir om Årstadhuset:
Vi bygger om og moderniserer Årstadhuset - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)

 Administrerande direktør Eivind Hansen strålte også om kapp med både sola og dei tre statsrådane. 

- Det er ikkje daglegdags at vi har tre statsrådar på “tunet” samtidig. Det er stas. Vi er veldig glade for at regjeringa satser på oss ved å innvilge dette lånet. Det er viktig for rus, psykisk helse og somatikk og for samarbeidet rundt denne viktige pasientgruppa. Vi er også glade for at vi kan vidareutvikle tenesta og samtidig gjenbruke bygningsmassen på Haukelandsområdet.

Resten av Statsbudsjettet blir lagt fram måndag 7. oktober klokka 10.