Marit Lieng er ny administrerande direktør i Helse Bergen HF
Marit Lieng blei tilsett som administrerande direktør i Helse Bergen HF i eit ekstraordinært styremøte i dag 8. april 2026.

Foto: Oslo universitetssykehus
– På vegne av styret i Helse Bergen HF er eg svært nøgd med at Marit Lieng har takka ja til stillinga, seier styreleiar Rune Haugsdal. – Marit Lieng si erfaring både som leiar, klinikar og forskar gjev eit solid utgangspunkt, og ho har med det gode føresetnader for å leie helseføretaket framover.
Helse Bergen står framfor store utfordringar, og kombinasjonen av Marit Lieng sine analytiske eigenskapar, kliniske erfaring, forsking, leiing av en stor klinikk ved Oslo Universitetssykehus og hennar engasjement i humanitært arbeid er erfaringar som vil kome godt til nytte i Helse Bergen HF.
Marit Lieng ser fram til å ta fatt på ei av dei viktigaste leiarrollene på Vestlandet. Marit er særleg merksam på at ho skal lykkast gjennom godt samarbeid med leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta.
Marit Lieng kjem frå stillinga som direktør for fag, forsking og utdanning ved Oslo Universitetssykehus.
Om Marit Lieng
Utdanning:
- Med. UiO 1994
- Spesialist i Fødselshjelp og kvinnesjukdommar 2004
- MSc Gynekologisk endoskopi University of Surrey 2007
- PhD UiO 2009
- MSc Helseadministrasjon og leiing ved UiO 2012
- Nasjonalt toppleiarprogram 2014
Leiarerfaring frå Oslo Universitetssykehus:
- Seksjonsleiar Gynekologisk avdeling 2011 - 2015
- Avdelingsleiar Gynekologisk avdeling 2016 - 2019
- Klinikkleiar Kvinneklinikken 2020 - 2025
- Direktør Fag, forsking og utdanning frå 2025
Professor II ved Universitetet i Oslo frå 2015
Marit Lieng er 60 år, gift og har to vaksne døtrer. Ho kjem frå Nord-Noreg, men tok utdanninga ved Universitetet i Oslo. Ho starta spesialiseringa ved Sjukehuset Innlandet, etablerte seg seinare med familie i Oslo og har arbeid ved Oslo Universitetssykehus sidan 2002 og ved Universitetet i Oslo sidan 2015.
Marit Lieng har eit brennande engasjement for humanitært arbeid, og har delteke i ei årrekke i NORWAC (Norwegian Aid Commitee) team som har viktige oppgåver på vegner av Noreg, spesielt i Midt-Austen.
Styrets leiar, Rune Haugsdal legg til at Marit Lieng vil bli teken godt i mot av heile helseføretaket, ein organisasjon med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Marit Lieng vil tiltre stillinga etter nærare avklaring.
Marit Lieng vil kome til Bergen og møte leiargruppa, tillitsvalde og vernetenesta og vere tilgjengeleg for media fredag 10. april 2026.
– Eg er glad og audmjuk for å få den store tilliten som det er å bli tilsett som administrerande direktør ved Helse Bergen HF. Eg har gjennom tilsetjingsprosessen vorte litt kjend med fleire av styremedlemmene i Helse Bergen HF. Det har vore ein interessant og hyggeleg prosess. Eg gler meg no til å treffe leiarar og tilsette i Helse Bergen, og vil bruke tid på å gjere meg kjend i føretaket før vi saman set retninga vidare, seier Marit Lieng.
Kontaktinformasjon:
Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør
Tlf. 90133771
