Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Markerte ny scannerpark

Onsdag 17. desember markerte Haukeland universitetssjukehus opninga av ein ny og utvida scannerpark ved Senter for nukleærmedisin og PET i Parkbygget. Det handlar om avansert teknologi – men først og fremst om eit betre grunnlag for gode avgjerder i møte med pasientane.

Publisert 18.12.2025
.
.

To nye scannarar er no tekne i bruk: éin heilkropps PET/CT og éin ny PET/MR. Begge er gitt i gåve av Trond Mohn, som sjølv var til stades under markeringa, saman med føretaksleiinga i Helse Bergen. 

– Dette gir oss fleire og betre biletverktøy, og dermed større tryggleik i diagnostikk og val av behandling, seier Ingfrid Helene Haldorsen, direktør ved Radiologisk avdeling. 

Etter ein krevjande sommar 

Opninga kjem etter ein sommar der Haukeland i fleire veker var utan PET/CT-tilbod. Ombygging og installasjon av nytt utstyr gjorde at enkelte pasientar måtte undersøkast ved andre sjukehus eller med alternative biletmetodar. 

Samtidig gjekk det føre seg eit omfattande internt arbeid. Gammalt utstyr blei demontert og flytta, lokale bygde om og nye system tekne i bruk. Allereie fem dagar etter at opplæringa starta, var senteret tilbake i full pasientdrift. 

– Det har vore intense veker. Innsatsen frå dei tilsette har vore avgjerande for at vi kom raskt i gang igjen. Vi er også svært takksame for god støtte frå Prosjektkontoret, seier Haldorsen. 

Ei gåve av stor betydning 

Den samla gåva frå Trond Mohn er på om lag 180 millionar kroner. Summen inkluderer sjølve maskinene, kompetansemidlar og midlar til ombygging. 

– Senteret har fått mange gåver frå Trond Mohn gjennom åra, og desse har hatt avgjerande betydning for utviklinga av PET-tilbodet ved Haukeland. Dei to nye PET-maskinane er state of the art og det er berre nokre få andre som har tilsvarande. Dei gjer oss i stand til å tilby meir presis diagnostikk, høgare kvalitet i undersøkingane og eit meir robust tilbod til pasientane våre, seier Cecilie Brekke Rygh, senterleiar ved Senter for nukleærmedisin og PET. 

Heilkropps PET/CT-maskina har åleine ein verdi på rundt 90–100 millionar kroner, medan PET/MR-maskina, med avanserte spolar, ligg på rundt 60 millionar. 

Trond Mohn har gjennom fleire år vore ein sentral bidragsytar til oppbygginga av PET-miljøet i Noreg. Alle PET/MR-maskiner i landet er finansierte av han. 

Raskare undersøkingar, mindre belastning 

.

Den nye heilkropps PET/CT-maskina representerer eit teknologisk sprang. Sjølve skanninga tek no om lag fem minutt, mot tidlegare rundt 20. 

For pasientane betyr dette kortare tid i maskina og mindre belastning. For enkelte kan det også gjere narkose unødvendig. Samstundes gir teknologien meir detaljerte bilete, som gjer det mogleg å oppdage små forandringar tidlegare enn før. 

Stråledosen er også redusert. Det har stor betydning for barn og for pasientar som må undersøkast ofte. 

Kort sagt: Fleire kan undersøkast, raskare – og med betre kvalitet. 

Meir robust tilbod i regionen 

Med den nye maskinparken aukar kapasiteten, samstundes som drifta blir mindre sårbar. PET/CT-maskina frå 2018 er flytta opp i Protonbygget. Når PET/CT-maskina i Protonbygget no er klar for pasientdrift, har Helse Bergen gått frå éi til to PET/CT-maskiner. 

Dette styrker tilbodet for heile regionen, inkludert Helse Fonna og Helse Førde, som høyrer til opptaksområdet for senteret.