Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mohn-senteret for nevroproteksjon er opna!

Onsdag 18. februar var det offisiell opning av Mohn-senteret for nevroproteksjon i Universitetsaulaen. Senteret skal drive med banebrytande forsking på hjernesjukdomar som Parkinson og demens.

Publisert 19.02.2026
En gruppe mennesker som står på en scene

Foto: Eivind Senneset

Onsdag var det duket for opning av det nye senteret i Universitetsaulaen.

Eit godt samarbeid

I fjor haust blei det gjort kjent at Trond Mohn forskingsstifting går saman med Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus om å finansiere eit nytt senter for forsking på alvorlege og uhelbredelege hjernesjukdomar. Totalt er det investert 50 millionar kroner som skal fordelast over dei neste fem åra.

Onsdag 18. februar var det klart for offisiell opningsmarkering av senteret i Universitetsaulaen. På programmet stod mellom anna introduksjon av senteret ved senterleiar Charalampos Tzoulis og innlegg frå dei ulike samarbeidspartnarane. Stortingsrepresentant Truls Vasvik (Ap) var òg til stades som representant for Helse- og omsorgskomiteen.

To menn som tar hverandre i hånden

Foto: Eivind Senneset

Senterleiar Charalampos Tzoulis og Trond Mohn.

Ny innsikt i REM-søvn og hjernesjukdom

Sentralt i det nye senteret står forsking på tilstanden REM-søvn åtferdsforstyrring (RBD). Ved å forske meir på dette kan ein forhåpentlegvis klare å avdekkje kven som står i fare for å utvikle ei alvorleg hjernesjukdom heile 10–15 år før sjukdomen bryt ut. På opningsmarkeringa blei det halde ein spennande samtale om dette, leia av Marion Solheim frå Det medisinske fakultetet, UiB.

Med i panelsamtalen var òg Ove Vestheim (leiar i Bergen og omland Parkinsonforeining), Anders Leines (fotograf bak utstillingane «Dette er Parkinson» og «Dette er Parkinson – ti år seinare») og Johannes Gaare (koordinator for NOR‑RBD‑initiativet).

I etterkant av opningsmarkeringa blei publikum invitert inn på interaktive stasjonar på Universitetsmuseet. Det var òg mogleg å få med seg den tankevekkjande utstillinga til Anders Leines.

Sjå fleire bilete frå opninga på UiB sine sider: Mohn senter for nevroproteksjon er åpnet! | Det medisinske fakultet | UiB

En gruppe mennesker som sitter ved et bord

Foto: Eivind Senneset

Marion Solheim leia panelsamtalen