No kan kreftpasientar ved Haukeland få tilbod om presisjonsdiagnostikk

Tidlegare har denne diagnostiseringa kun vore tilgjengeleg innanfor forskingslaboratorium og i enkelte kliniske studiar, men no blir dette tilgjengeleg for fleire pasientar i Helse Bergen.

Publisert 13.02.2023

Viseadministrerande direktør, avdelingsdirektør, administrerande direktør og assisterande klinikkleiar står ved kake

Viseadministrerande direktør Clara Gjesdal, direktør ved Kreftavdelinga Hans Petter Eikesdal, administrerande direktør Eivind Hansen og assisterande klinikkleiar ved Laboratorieklinikken Linda Sleire.

​- Dette er ei viktig satsing for Laboratorieklinikken, og eit resultat av godt samarbeid mellom dyktige fagpersonar internt hos oss og i sjukehuset, seier Linda Sleire, assisterande klinikkleiar ved Laboratorieklinikken.​

InPreD er ein nasjonal infrastruktur i helsetenesta som sørger for at kreftpasientar med avansert sjukdom over heile landet no​ kan få tilgang til avansert molekylær kreftdiagnostikk, i form av at svulsten blir detaljert undersøkt for forandringar i meir enn 500 gen (eit stort genpanel). 

Innføring av InPreD i Helse Bergen gjer at ein no kan utføre avanserte genanalysar med påfølgande ekspertevaluering ved Haukeland universitetssjukehus. Dette betyr at pasientar som treng meir omfattande genanalysar, får tilbod om dette for å kunne bli inkludert i kliniske studiar eller for å finne sjeldne genfeil som styrer effekten av kreftbehandlinga. 

Det gjør det mogleg med målretta behandling av ulike kreftformer, og denne milepælen blei markert i atriet i Laboratoriebygget sist veke, med kake og talar. 

Administrerande direktør Eivind Hansen understreka behovet for presis diagnostisering for å unngå overbehandling, noko direktør ved Kreftavdelingen, Hans Petter Eikesdal, også poengterte.

- Den tydinga lab-analysane får for våre pasientar, auker for kvar dag som går. Vi skal prøve å gi den rette behandlinga til kvar enkelt pasient. Etableringa av dei genanalysane som blir gjort her, saman med den kliniske rådgivinga som kreftlegane skal gjere, blir viktig framover, sa Eikesdal.