Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Norwait: Helse Bergen får førelegg

Sør-Vest politidistrikt har ilagt Helse Bergen eit førelegg på 1,8 millionar kroner for brot på helseforskingslova i forbindelse med Norwait-studien.

Publisert 12.03.2024
Sist oppdatert 04.09.2024

- Dette er ei svært alvorleg sak og ei stor belastning for pasientar, pårørande og etterlatne, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen.
- Dette beklagar vi på det sterkaste.

Førelegget er knytt til Helse Bergen si rolle som forskingsansvarleg institusjon. Saka har også vore behandla av Statens helsetilsyn og Statsforvaltaren i Vestland:
Helsetilsynet har konkludert i Norwait- saka - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)

Statsforvaltaren om Norwait-studien: - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)

- Vi går no gjennom grunnlaget for førelegget og vil svare ut innan fristen, seier Hansen. 
- Vi synest det er riktig at det er føretaket som blir stilt til ansvar i straffesaka og ikkje enkeltpersonar.

- Norwait-saka er først og fremst svært krevjande for pasientane og dei pårørande, men den har også vore krevjande for dei involverte forskarane. Det har vore viktig for oss å følgje opp pasientar og pårørande, men også å følgje opp internt i forskingsmiljøet vårt. Vi har retta oss etter pålegga frå Helsetilsynet og Statsforvaltaren og har stor merksemd på at klinisk forsking i sjukehuset skal vere trygg å delta i, både for pasientar og medarbeidarar.

Det er styret i Helse Bergen som formelt må ta stilling til førelegget. Styret vil behandle saka i styremøte 21. mars.

- Mi anbefaling til styret vil vere å vedta førelegget, seier Hansen.