Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny endometrioseskule skal rydde i jungelen av råd

Det finst ingen mangel på råd om endometriose på nett. Utfordringa er å vite kva ein kan stole på. No er ein ny digital endometrioseskule lansert, med kvalitetssikra kunnskap om sjukdommen, behandling og livet med endometriose.

Publisert 23.11.2026

– Mange av pasientane vi møter, har levd lenge med smerter og andre plager og sit med mange spørsmål. Samstundes møter dei store mengder informasjon på nett og i sosiale medium, der råda kan vere både motstridande og av varierande kvalitet. Vi ønskte å lage ein stad der dei kan vere trygge på at informasjonen er fagleg kvalitetssikra, seier Anne Veddeng.

Ho er overlege ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus og spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar, med særleg kompetanse på endometriose og avansert kikholskirurgi. Veddeng er ansvarleg redaktør av den nye endometrioseskulen.

Endometriose rammar om lag éi av ti kvinner i fruktbar alder. Sjukdommen kan gi sterke smerter og påverke mellom anna fertilitet, arbeid, utdanning og livskvalitet.

Når nettet gir for mange svar 

For mange startar jakta på informasjon lenge før dei kjem til ein spesialist. Sosiale medium, forum og pasientgrupper kan gi både støtte og nyttige erfaringar, men det kan òg vere vanskeleg å skilje gode råd frå informasjon som ikkje byggjer på oppdatert kunnskap. 

– Det er mykje engasjement rundt endometriose, og det er bra. Erfaringane til andre kan vere svært verdifulle. Men det som fungerer for éin person, er ikkje nødvendigvis rett behandling for ein annan. Vi ønskjer å gi pasientane eit fagleg grunnlag som gjer det lettare å forstå sjukdommen og ta gode val saman med helsepersonell, seier Veddeng. 

Målet er ikkje å erstatte konsultasjonar eller individuell behandling, men å gi pasientane ein trygg stad å finne kunnskap dei kan bruke både før, under og etter møte med helsetenesta. 

Meir enn behandling 

Endometrioseskulen er gratis og open for alle. 

Han er først og fremst laga for jenter og kvinner med endometriose og for dei som mistenkjer at dei kan ha sjukdommen. Samstundes kan innhaldet vere nyttig for pårørande, helsepersonell og andre som treng kvalitetssikra kunnskap om endometriose. 

Her finst informasjon om utgreiing og behandling, men òg om fysioterapi, smertehandtering, livsmeistring og korleis det er å leve med ein kronisk sjukdom. Brukarane kan gå inn på dei delane som er mest relevante for dei, og ta det i sitt eige tempo. 

– Det er ikkje sikkert alle har behov for å lese alt. Nokon treng først og fremst å forstå kva behandlingsalternativ som finst. Andre leitar etter råd om smerter, kvardagsliv eller korleis dei kan leve best mogleg med sjukdommen. Målet er at folk skal finne det dei treng når dei treng det, seier Veddeng. 

Ho understrekar at skulen er eit supplement til helsehjelp, ikkje ei erstatning for individuell oppfølging. 

Vaks fram frå spørsmåla til pasientane 

Endometrioseskulen er utvikla i Helse Bergen i kjølvatnet av regionaliseringa av avansert endometriosekirurgi til Kvinneklinikken i Bergen. 

Det gav fagmiljøet høve til å sjå breiare på tilbodet til pasientgruppa. Behandlinga handlar ikkje berre om kirurgi og medisinar, men òg om kunnskap, forståing og meistring av ein sjukdom som kan påverke mange delar av livet. 

– Vi erfarte at pasientane hadde behov for mykje meir informasjon enn det ein vanlegvis rekk å gi i ein konsultasjon. Mange har spørsmål om både sjukdommen, behandlinga og kva dei sjølve kan gjere for å få ein betre kvardag. Det var ein viktig grunn til at vi ønskte å lage dette tilbodet, seier Veddeng. 

Bak skulen står eit tverrfagleg team. Lege, manuellterapeut, psykologspesialist, sexolog, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiespesialist er blant faggruppene som har bidrege. Brukarrepresentantar og ein pasient med eiga erfaring med endometriose har òg vore med i arbeidet. 

– Endometriose kan påverke veldig mange sider av livet. Derfor var det viktig for oss at dette ikkje berre blei ei side om medisinar og kirurgi. Vi ønskjer å gi kunnskap som kan gjere det lettare å forstå eigne plager, delta aktivt i behandlinga og meistre kvardagen betre, seier Veddeng. 

– Eit tilbod mange har venta på 

Endometrioseforeningen er svært glad for at det nye tilbodet no er på plass. 

– Dette er ei fantastisk nyheit for alle med endometriose, seier dagleg leiar Elisabeth Raasholm Larby. 

Foreningen får mange førespurnader frå pasientar og pårørande som leitar etter informasjon om endometriose og adenomyose. Dei meiner eit ope og kvalitetssikra tilbod kan bli ei viktig hjelp for mange. 

Veddeng håpar også at endometrioseskulen blir brukt av fleire enn pasientane sjølve. 

– Vi har først og fremst laga skulen for pasientane, men vi håpar også at fastlegar, anna helsepersonell og pårørande vil bruke han. Og dersom politikarar eller journalistar treng kunnskap om endometriose, er dei hjarteleg velkomne inn dei òg. 

Endometrioseskulen er gratis og open for alle på helse-bergen.no.