Ny forsking kan bidra til at fleire kan overleva snøskred
Sikkerheitsutstyr integrert i ryggsekkar kan bidra til å auka overlevingstida ved snøskred, viser ei ny studie.

Forskarar frå den fjellmedisinske forskingsklynga i Bergen har vore med på arbeidet, som nyleg blei publisert i det internasjonalt anerkjende medisinske tidsskriftet The Journal of the American Medical Association (JAMA). I helga blei resultata òg presenterte på ICAR Congress 2025, ein internasjonal konferanse som samlar alpine redningsarbeidarar og ekspertar for å drøfta tryggleik, opplæring og redningsoperasjonar i fjellet.
Kvart minutt tel
Men først litt bakgrunn for den kliniske studien:
Dei siste ti åra har nær 60 personar mista livet i snøskred i Noreg, ifølgje Norges Geotekniske Institutt (NGI). Når ein skal redda livet til skredtatte som ligg heilt nedgravne i snømassane, er kvart minutt avgjerande.
I den fjellmedisinske forskingsklynga i Bergen arbeider forskarane med tema som nedkjøling, medisinsk behandling i høgfjellsmiljø og fysiologiske reaksjonar hos personar som er gravlagde i snøskred. Klynga er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus (Kirurgisk Serviceklinikk) , Universitetet i Bergen og Stiftinga Norsk Luftambulanse, og dei samarbeider òg med nokre av dei fremste snøskredforskarane i verda.
Luft frå ei flaske
I 2019 gjennomførte forskingsklynga ein studie i Hemsedal der forsøkspersonar blei gravlagde med hovudet under snøen. Studien, som var ein av dei mest avanserte innan snøskredforsking til då, hadde som mål å undersøkja effekten av å tilføra luft frå ei flaske.
– Det viste seg at dei som fekk tilført så lite som to liter frisk luft per minutt kunne liggja nedgravne merkbart lengre enn dei utan. Desse funna blei delte med forskarkollegaer verda over, og vi blei einige om å laga eit endå større samarbeidsprosjekt i Dolomittane, ein fjellkjede i Nord-Italia, i mars 2023, seier Øyvind Thomassen.
Han er anestesilege, førsteamanuensis, leiar for forskingsklynga i Bergen og har lang erfaring som luftambulanselege.
Simulerte snøskred
I Dolomittane var 16 forskarar frå det italienske forskingssenteret Eurac Research og fire norske forskarar frå fjellmedisinklynga samla til eit forskingsprosjekt leia av Eurac.
I eit simulert snøskred – med svært strenge tryggleiksprosedyrar – blei 24 frivillige lagde under over 50 centimeter snø på om lag 2000 meters høgd. Halvparten hadde ryggsekkar med ei pumpe som trekte luft frå snøen rundt sekken og pumpa den fram til ansiktsområdet. Den andre halvparten hadde tilsvarande sekkar, men utan fungerande pumpe.
– Målet med studien var å testa ut dette konseptet, der vi med ein sekk trekker luft frå baksida av pasienten – bak ryggen og gjennom sekken – og blæs den fram rundt hovudet, forklarer Thomassen.
Den vanlegaste dødsårsaka ved snøskred er kveling. Når den skredtatte pustar under snøen, vil ein raskt koma i ein situasjon der ein pustar inn den same lufta som ein pustar ut. Då blir oksygenet brukt opp, og karbondioksid byggjer seg opp. Mangel på oksygen og for høgt nivå av karbondioksid er begge livstrugande.
Å pusta under snøen
No er resultata frå studien i Dolomittane klare:
Kontrollgruppa, altså dei som ikkje hadde luftpumpe, kunne i gjennomsnitt liggja 6,4 minutt under snøen før oksygenmetninga – altså kor mykje oksygen blodet inneheld – fall under 80 prosent, og studien måtte avbrytast av tryggleiksomsyn.
Deltakarane som var utstyrte med pumpe, kunne derimot liggja nedgravne i opptil 35 minutt utan å falla under denne grensa.
– Då avbraut vi som planlagt studien, og pumpa blei slått av, men forsøkspersonen blei liggjande til grenseverdiane blei nådde, seier Thomassen.
– Vi målte kor lenge desse forsøkspersonane klarte å pusta under snøen, og det var ein stor skilnad mellom dei som hadde luftpumpe og dei som ikkje hadde det, seier han vidare.
– Desse minutta kan vera heilt avgjerande – det kan vera tida det tek for turkameratar å finna og grava opp den skredtatte, eller for redningstenesta å nå fram til skredet.
Uavhengig forsking
Forskarane bak studien konkluderer med at for dei som ikkje er hardt skadde og som har luftlomme og kan pusta, kan bruk av denne typen bærbart tryggleiksutstyr gje redningsmannskap fem gonger så lang tid til å gjennomføra ei redningsaksjon.
Studien er eit uavhengig forskingsprosjekt der forskarane sjølve har utforma problemstilling, metode og analyse. Ingen eksterne aktørar, sponsorar eller oppdragsgivarar har hatt innverknad på design, datainnsamling, tolkning av funn eller publisering.
Frederik Eisendle og Giacomo Strapazzon frå Eurac er førsteforfattarar på studien. I tillegg har 14 andre Eurac-forskarar delteke i arbeidet. Det norske bidraget er òg omfattande: I tillegg til Øyvind Thomassen, som er fjerdeforfattar, deltok forskarane Sigurd Mydske, Guttorm Brattebø og Jörg Assmuss frå Bergen.
Fakta: Fjellmedisinsk forskingsklynge
Fjellmedisin handlar om behandling av pasientar som blir sjuke eller skadde i fjellet – til dømes ved nedkjøling, snøskred, høgdesjuke eller andre akutte tilstandar under krevjande forhold. Når kulde, mørke og avstand spelar inn, kan sjølv små skadar bli livstrugande.
Den fjellmedisinske forskingsklynga i Bergen blei etablert i 2020 som eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus (Kirurgisk Serviceklinikk) , Universitetet i Bergen og Stiftinga Norsk Luftambulanse, og byggjer på forsking som starta i 2014.
Klynga har seniorforskarar og stipendiatar som forskar på korleis pasientar best kan behandlast i utilgjengeleg terreng, og samarbeider tett med luftambulansen, redningstenesta og helseføretak over heile landet.
Som den første forskingsklynga for fjellmedisin i Noreg samarbeider miljøet òg med SINTEF, dei regionale helseføretaka og leiande internasjonale fagmiljø – med mål om å betre behandlinga og auka overlevinga i fjellet.