Ny innflyttingsdato klar for Glasblokkene

23. oktober blir ny innflyttingsdato for Barne- og ungdomsklinikken og dei andre einingane som skal inn i Glasblokkene i første flyttepulje.

Publisert 03.07.2023
Det blir dermed fem veker seinare innflytting enn planlagt for første pulje, som opprinneleg skulle flytte 18. september. Forseinkingar knytt til teknologien for akutt- og pasientvarsling i Glasblokkene er årsaka til at programstyret for to veker sidan beslutta å utsette innflyttingsdatoen:
23. oktober blir ny innflyttingsdato for Barne- og ungdomsklinikken, medan Kvinneklinikken beheld sin opprinnelege innflyttingsdato 7. november. 

– Våre eigne miljø, IKT-selskapet og leverandører har no stått på for å lage ein ny tidsplan og setje inn tiltak og ressursar for å bli ferdige med kritisk infrastruktur og teknologi i tide. Basert på dette har vi saman med klinikkane kome fram til ein ny innflyttingsdato, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

Han legg til at det framleis er behov for å følgje arbeidet med dei tekniske løysingane som skal brukast i Glasblokkene tett gjennom sommaren.