Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Radio Medico – no òg for petroleumsarbeidarar

Radio Medico er Noreg sitt telemedisinske legevakttilbod til sjøs. Årleg bistår tenesta over 2000 sjøfolk i norske og internasjonale farvatn. Frå september vil også petroleumsarbeidarar få same tilgang til spesialistråd frå Haukeland universitetssjukehus.

Publisert 02.05.2024
Sist oppdatert 04.09.2024
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Representantar frå Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin (NSMDM) og Operatørenes forening for beredskap (OFFB) møttest til kick- off for det nye samarbeidet tysdag.

Radio Medico er Noregs nasjonale telemedisinske rådgivingsteneste for sjøfolk.

Tenesta er gratis for sjøfolk over heile verda og blir levert av Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin ved Haukeland universitetssjukehus.

 

Snart får også petroleumsarbeidarar tilgang

Haukeland universitetssjukehus og Operatørenes forening for beredskap (OFFB) har inngått ein beredskapsavtale om telemedisinske vaktlegetenester på norsk sokkel.


Frå september 2024 vil installasjonar tilknytt operatørane Shell, DNO, Gassco, Okea, Sval Energi, Wellesley Petroleum og Wintershall Dea få direkte tilgang til spesialistråd frå Haukeland universitetssjukehus gjennom Radio Medico.

Vaktlegen i Radio Medico vil støtte offshoresjukepleiarar på installasjonen 24/7 med råd og rettleiing om medisinsk behandling av sjukdom og skade på personellet om bord.

Vaktlegen vil også organisere helikopterevakuering til land ved behov.

- Dette gler vi oss til, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.
-Denne avtalen vil gi eit svært godt helsetilbod for petroleumsarbeidarar på norsk sokkel i åra som kjem.

 

Gir ein god samanheng

Frå tidlegare har Haukeland universitetssjukehus gode erfaringar frå samarbeid med petroleumsindustrien.

Sjukehuset har ein medisinsk beredskapsavtale med oljeselskapet OMV tilknytt deira operasjonar og held jamleg kursundervisning for både offshoresjukepleiarar og petroleumslegar.

- Denne avtalen er ei spennande moglegheit for oss til å vidareutvikle tenestetilbodet vårt for petroleumsnæringa, i samarbeid med ein svært profesjonell beredskapsaktør på norsk sokkel, seier Hansen.

- Avtalen gir ein god samanheng med det øvrige tenestetilbodet vårt og vil gjere oss endå betre i stand til å levere gode og samanhengande helsetenester til norsk petroleumsnæring.

 

Eit steg framover

Radio Medico har røter tilbake til telegrafens barndom og vart første gang annonsert som eit offentleg tilgjengeleg telemedisinsk legevakttilbod for sjøfolk i 1923.

- Mykje har skjedd på hundre år, seier Hansen.
- No er det er viktig at vi held fram med å utvikle tenestene våre, slik at vi møter petroleumsnæringa sine framtidige behov. Samarbeidet med OFFB er eit viktig steg i den retninga.

Ser frem til godt samarbeid

- Vi ser fram til eit godt samarbeid og gode leveransar frå det sterke fagmiljøet til Helse Bergen, seier dagleg leiar i OFFB, Ole Jacob Haug.
 

Operatørenes forening for beredskap (OFFB) vart etablert i 2009 og er ein brukarstyrt beredskapsorganisasjon for operatørar på norsk sokkel. Sidan oppstarten har rundt 40 ulike olje- og gasselskap vore medlemmer. I dag blir organisasjonen driven av A/S Norske Shell, Aker BP, DNO, Gassco, OKEA, Sval Energi, Wellesley Petroleum og Wintershall Dea.