Ny storsatsing skal førebyggje Parkinson og demens
Det nye Innovation Center for Neuroresilience (ICoN) skal snu fokuset frå behandling til førebygging av nevrodegenerative sjukdomar. Senteret samlar leiande forskarar i tett samarbeid med norsk og internasjonalt næringsliv, med status som Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI).

Charalampos (Haris) Tzoulis, professor ved Universitetet i Bergen og overlege ved Haukeland universitetssjukehus, skal leie senteret.
– Vi er begeistra over denne fantastiske nyheita! Vår visjon er å gjere det mogleg med effektiv behandling og førebygging av nevrodegenerative sjukdomar som Parkinsons sjukdom og Alzheimers sjukdom, seier Tzoulis.
I dag lever rundt 100 millionar menneske globalt med desse sjukdomane, og talet er venta å doblast i løpet av dei neste 25 åra. Per i dag finst det ingen behandling som kan stoppe eller førebyggje utviklinga av desse tilstandane, forklarar Tzoulis, som er direktør ved Neuro-Sysmed.
– Gjennom Innovation Center for Neuroresilience (ICoN) vil vi møte denne utfordringa i tett samarbeid med leiande akademiske miljø, offentlege institusjonar og norske og internasjonale industripartnarar. Dette inkluderer aktørar innan farmasøytisk industri, kosttilskot, helseteknologi, bioteknologi og norsk matindustri, fortel Tzoulis.
– Vi ser fram til eit viktig og nyttig samarbeid med desse aktørane, seier innovasjonsleiar Yamila Torres Cleuren.
Senter for forskingsdriven innovasjon
ICoN er eitt av åtte nye Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Tildelinga vart offentleggjort av forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland 15. desember.
Med 96 millionar kroner frå Forskingsrådet og bidrag frå samarbeidspartnarane i prosjektet vil senteret ha eit totalbudsjett på over 250 millionar kroner over åtte år.
Det nye senteret vil bestå av forskarar frå Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus, FHI og SINTEF.
Senteret byggjer på eit breitt, tverrfagleg samarbeid mellom forskarar frå Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Folkehelseinstituttet og SINTEF, med kompetanse som spenner frå klinisk medisin og nevrologi til ernæring, teknologi og folkehelse. Senteret skal starte opp i 2026.
Innovation Center for Neuroresilience – ICoN
ICoN vil bekjempe nevrodegenerative sjukdomar som Parkinson og demens ved å flytte fokuset frå behandling til førebygging, saman med Noregs voksande næringsliv innan mat, ernæring, farmasi, helseteknologi og bioteknologi, i tillegg til leiande forskingsmiljø.
Hovudmålet er å utvikle og teste integrerte løysingar for tidleg oppdaging, overvaking, behandling og førebygging av α-synukleinopatiar – og å gjere desse løysingane til nye marknader for norske industripartnarar.
Det nye senteret vil bestå av forskarar frå Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus, FHI og SINTEF.