Ny styreleiar i Helse Bergen
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i Helse Vest sitt føretaksmøte tysdag. Ny styreleiar i Helse Bergen er Rune Haugsdal.
Haugsdal er tidlegare fylkesdirektør i Vestland fylkeskommune.
Oppnemnd for to år
Styra i Helse Stavanger HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har 11 medlemmer kvar. Sju er eigaroppnemnde, medan fire er valde av og blant dei tilsette.
Styremedlemmene er oppnemnd for ein periode på to år.
Dette er oversikten over dei eigaroppnemnde styremedlemmene i styret i Helse Bergen. Oppnemninga gjeld frå i dag, tysdag 20. januar:
Styreleiar Rune Haugsdal (ny)
Nestleiar Per Morten Sandset
Styremedlem Rolf Martin Tande
Styremedlem Trude Husevåg
Styremedlem Marit Bakke
Styremedlem Marianne Marthinsen (ny)
Styremedlem Ivar Eriksen
Marianne Marthinsen er også ny i Helse Bergen sitt styre. Marthinsen er samfunnsøkonom, forfattar og tidlegare AP-politikar.
Les meir hos Helse Vest
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest frå 2026 - Helse Vest RHF
Her kan du lese meir om styret i Helse Bergen
Styret i Helse Bergen - Helse Bergen HF