Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nye avtalar for pasienttransport i delar av Bergen og omland

Helse Bergen har inngått nye avtalar for køyring av pasientreiser med rekvisisjon i Åsane / Arna. Det er også inngått ny avtale for reiser med rekvisisjon i vanleg drosje ut frå Haukeland universitetssjukehus til destinasjonar i Bergen, Askøy og Øygarden.

Publisert 30.10.2022
Sist oppdatert 04.09.2024
​Bakgrunnen er manglande kapasitet hos tidlegare avtalepart. Dei nye avtalane trer i kraft frå tysdag 1. november 2022.

– Vi forventar at inngåing av nye avtalar vil bidra positivt på kapasiteten og ventetidene totalt sett i Bergen og områda rundt, seier avdelingssjef Ann-Mari Høiland i Avdeling for pasientreiser. 

​Dette er dei nye avtalane: 


  • Reise i taxi med 1-4 personar med start på Haukeland universitetssjukehus / postnummer 5021, med slutt i  Bergen-Askøy-Øygarden
    –> her er Taxi 1 ny avtalepart
  • Reise i taxi med 1-4 personar med start i køyreområdet Åsane / Arna
    –> her er Christiania Taxi  ny avtalepart
  • Reise med rullestoltransport og stor bil med start i køyreområdet Åsane / Arna
    –> her er Bergen Taxi ny avtalepart

I desse områda har Norges Taxi avtale med Helse Bergen om pasienttransport:

  • Reise i taxi med 1-4 personer med start i køyreområdet Fyllingsdalen / Laksevåg.
  • Reise i taxi med 1-4 personer med start i Bergenhus / Årstad (utanom Haukeland / postnummer 5021) med slutt i  Bergen-Askøy-Øygarden.
  • Reise i taxi med 1-4 personer med start i Bergenhus/ Årstad (utanom Haukeland / postnummer 5021) ut av køyreområde til kommune utanfor Bergen-Askøy-Øygarden.
  • Reise i taxi med 1-4 personer med start på Haukeland universitetssjukehus / postnummer 5021 ut av køyreområde til kommune utanfor Bergen-Askøy-Øygarden.