Nye avtaler på plass for Pasientreiser

Frå 19. desember er nye, langsiktige transportøravtalar på plass for køyring av pasientreiser med rekvisisjon i Åsane/ Arna, i tillegg til ut frå Haukeland Universitetssjukehus til destinasjonar i Bergen, Askøy og Øygarden med vanleg drosje.

Publisert 15.12.2022
​På grunn av kapasitetsutfordringar hos tidlegare avtalepart har Helse Bergen hatt mellombelse transportøravtaler for køyring av pasientreiser med rekvisisjon i desse områda sidan 1.november.

Dei mellombelse avtalene har bidratt positivt på kapasiteten og ventetider i Bergen og områda rundt.

No er nye langsiktige transportøravtaler på plass for desse områda og avtalane trer i kraft frå 19.desember 2022. Det blir ingen endringar i praksis, då dei same leverandørane er tildelt områda på nytt.

Følgande transportørar er tildelt nye avtaler i følgande område:

Åsane/ Arna

• Rullestolbil - Bergen taxi
• Vanleg taxi  - Christiania taxi

Haukeland Universitetssjukehus (5021)

• Vanleg taxi (til destinasjonar i Bergen, Askøy og Øygarden) - Taxi 1

Oversikt over transportørar i alle område er tilgjengeleg med kontaktinformasjon for helsepersonell på www.helse-bergen.no/pasientreiser