Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt håp for pasientar med Parkinson: Forskingsgjennombrot frå Bergen lisensiert internasjonalt

Kan ei behandling utvikla i Bergen vere eit viktig steg mot å bremse Parkinsons sjukdom? Forskingsmiljøa ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen har stått bak kliniske studiar som no legg grunnlaget for internasjonal vidareutvikling av mogleg sjukdomsmodifiserande behandling.

Publisert 08.07.2025
En mann i hvit frakk
Professor Charalampos Tzoulis, leiar for forskingsgruppa og Neuro-SysMed-senteret ved Haukeland og UiB. 

VIS – Vestlandets Innovasjonsselskap AS, som er det felles teknologioverføringskontoret til sjukehuset og universitetet, har nyleg inngått lisensavtale med eit dotterselskap av Niagen Bioscience Inc. Avtalen gjeld vidare utvikling og kommersialisering av ei forskingsbasert behandling mot Parkinsons sjukdom. 

Kan bli den første behandlinga i sitt slag 

Behandlinga bygger på stoffet Nicotinamide Riboside (NR), som aukar nivåa av NAD⁺ i hjernen. Dette ser ut til å ha gunstig effekt på cellene sin energibalanse og kan dempe betennelse i hjernen – to sentrale faktorar i utviklinga av Parkinsons sjukdom. 

Det amerikanske selskapet NAD Pharmaceuticals Corporation, eit dotterselskap av Niagen Bioscience Inc., tek no over ansvaret for vidare utvikling. Dersom pågåande kliniske studiar bekreftar effekt, kan behandlinga – utvikla av professor Charalampos Tzoulis og Dr. Christian Dölle – bli den første i sitt slag. 

– Dette er ein viktig milepæl i arbeidet med å bringe mogleg sjukdomsmodifiserande behandling nærare pasientane, seier professor Charalampos Tzoulis, leiar for forskingsgruppa og Neuro-SysMed-senteret ved Haukeland og UiB. 

– Målet vårt har alltid vore å utvikle kunnskap og behandlingar som kan kome pasientane til gode. Denne avtalen er eit viktig steg i rett retning. Vi er takksame for innsatsen frå heile teamet, det gode samarbeidet med VIS og støtta frå Niagen Bioscience Inc., legg han til. 

Fase III-studie nærmar seg mål – resultat venta i år 

Lisensavtalen er blant anna basert på funn frå den tidlege studien NADPARK, og den pågåande multisenterstudien NO-PARK, ein fase III-studie med 400 deltakarar. Her blir det undersøkt om NR faktisk påverkar sjukdomsutviklinga. Resultata er venta i løpet av 2025. 

VIS har støtta forskingsmiljøa med immaterielle rettar, kommersialiseringsstrategi og avtaleforhandlingar. 

– Det er uvanleg at eit forskingssenter tek utviklinga heilt til fase III. Det gir nye moglegheiter og utfordringar for oss som teknologioverføringskontor, seier prosjektleiar Johan Gunnar i VIS. 

– Denne avtalen er eit resultat av langvarig og godt samarbeid med forskarane, og vi set stor pris på støtta frå Niagen Bioscience Inc., som har vore med heilt frå starten. 

Millionar ramma – framleis ingen kur 

Over 10 millionar menneske har Parkinsons sjukdom verda over – om lag 13 000 av dei bur i Noreg. Talet er venta å doblast innan 2040, noko som gjer dette til ein av dei raskast veksande nevrologiske sjukdomane globalt. Trass omfattande forsking finst det i dag inga godkjend behandling som påverkar sjølve sjukdomsutviklinga. 

– Vi gratulerer med lisensavtalen og med eit viktig steg vidare i utviklinga av behandlingstilbodet for pasientar med Parkinsons sjukdom. Det er gledeleg å sjå at forsking gir konkrete resultat for pasientane, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus. 

Forskingssamarbeid med store ringverknader 

At ei mogleg sjukdomsmodifiserande behandling no blir lisensiert for vidare utvikling, er resultatet av mange års målretta samarbeid mellom forskarar, sjukehus og VIS. 

– Det er inspirerande å sjå at innsatsen frå forskingsmiljøa våre no kan gi resultat for pasientane. Dette viser kor viktig samspel mellom akademia, helsevesen og teknologioverføring er for å løyse store samfunnsutfordringar, seier Per Bakke, dekan ved Det medisinske fakultet, UiB. 

– Vi er stolte over at Neuro-SysMed no har nådd ein viktig milepæl i forskinga på Parkinsons sjukdom. Dersom resultata frå dei pågåande studiane er positive, kan dette opne for ein heilt ny behandlingsmoglegheit for pasientane, seier Torhild Vedeler, klinikkdirektør ved nevroklinikken på Haukeland universitetssjukehus. 

 Les meir: Niagen Bioscience - Niagen Bioscience Secures Exclusive License to Develop and Commercialize its NAD+ Precursor, Patented Nicotinamide Riboside (Niagen®), as a Potential Parkinson’s Disease Therapy in Agreement with Haukeland University Hospital in Bergen, Norway