Nytt Mohn forskingssenter skal sørge for banebrytande studiar på hjernesjukdomar
Kvart år blir millionar av menneske råka av alvorlege og uhelbredelege hjernesjukdomar som Parkinsons sjukdom og demens med Lewy-legemer. I Bergen etableres no Mohn-senteret for nevroproteksjon, med eit ambisiøst mål om å snu utviklinga og førebyggje sjukdom før den bryt ut.

Opnar ei unik moglegheit
Trond Mohn forskingsstifting går saman med Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus om finansiering med totalt 50 millionar kroner dei neste fem åra.
Gjennom forsking på søvnforstyrringa REM-søvn åtferdsforstyrring (RBD) kan forskarane identifisere personar som er i ein svært tidleg fase av sjukdomsutviklinga – ofte 10–15 år før diagnosen vanlegvis blir stilt. RBD fungerer dermed som eit biologisk forvarsel, og opnar ei unik moglegheit: å teste behandlingar som kan forseinke eller hindre sjukdomsutvikling før hjernen blir skadd.
Det nye Mohn-senteret har fire sentrale mål: å etablere ein nasjonal kohort av personar med REM-søvn åtferdsforstyrring (RBD), utvikle og validere biomarkørar for tidleg oppdaging og oppfølging av sjukdom, gjennomføre verdas første førebyggjande kliniske studie for å teste behandlingar mot Parkinsons sjukdom og liknande tilstandar, samt bruke kunstig intelligens til å utvikle metodar som kan identifisere risiko endå tidlegare.
Om forskargruppa bak Mohn-senteret
Senteret blir leia av professor Charalampos Tzoulis, ekspert på nevrodegenerative sjukdomar og rørsleforstyrringar. Forskninga hans har som mål å utvikle betre diagnostikk og nevrobeskyttande behandlingar, samt å førebyggje nevrodegenerasjon.
Johannes Gaare er nevrolog og forskar med doktorgrad frå UiB. Han arbeider ved Haukeland universitetssjukehus og skal leie NOR-RBD-kohorten.
Janne Grønli er professor i biologisk psykologi ved UiB og leiar Bergen Stress and Sleep Group. Ho er spesialist på søvn og hjernens helse, og skal vere arbeidspakkeleiar ved det nye Mohn-senteret.
Christian Dölle er seniorforskar med doktorgrad i molekylærbiologi. Han forskar på NAD-metabolisme og utvikling av nye behandlingar for nevrodegenerative sjukdomar. Han skal vere visedirektør for senteret.
Yamila Torres Cleuren har doktorgrad i molekylærbiologi og bioinformatikk. Ho er seksjonsleiar ved Neuro-SysMed-senteret og skal ha ei sentral rolle i å utvikle og leie forskings- og innovasjonsstrategien ved det nye Mohn-senteret.
Moglegheiter for ei ny framtid
For pasientar og familiar representerer dette ei ny framtid. I staden for å vente til sjukdomen bryt ut og livskvaliteten blir dramatisk redusert, kan ein i framtida få vite om risiko tidleg og få tilbod om behandling som beskyttar hjernen.
– Trond Mohn forskingsstifting har støtta forsking av høg kvalitet i Bergen i over 20 år. Vi er veldig glade for å no kunne støtte forskingsmiljøet til professor Tzoulis ved Det medisinske fakultet, UiB og Haukeland universitetssjukehus. Vi har klare forventningar om at forskinga får stor betydning for å lære meir om Parkinsons sjukdom som råkar mange menneske over heile verda, seier Nicholas Nunn, dagleg leiar for Trond Mohn forskingsstifting.
– Parkinsons sjukdom er verdas raskast veksande hjernesjukdom, og det finst inga behandling som kan bremse eller stoppe utviklinga. No kan vi for første gong teste om det er mogleg å hindre sjukdomar som Parkinson og demens med Lewy-legemer før dei utviklar seg. Vi går frå å reagere etter at skaden har skjedd – til å beskytte hjernen i ein svært tidleg fase. Det seier professor Charalampos (Haris) Tzoulis, leiar for Mohn-senteret, og professor og overlege i nevrologi ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus.
For enkeltmennesket og samfunnet
Mohn forskingssenteret gir dermed ikkje berre håp til enkeltpasientar – men også eit løfte om å redusere den enorme samfunnsbyrda desse sjukdomane utgjer, og å bringe oss nærare ei ny æra innan førebyggjande medisin for hjernen.
Senteret søkjer no over 500 personar som vil vere med i forskingsprosjekt.
For potensiell deltaking, kontakt forskingsteamet ved senteret: parkinson-forsking@helse-bergen.no – 99 20 40 28