Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Oddbjørn Straume ny direktør for Kreftavdelinga

Oddbjørn Straume tek til i stillinga 1.2.2024, og tek over etter Åsa Karlsdottir som har vore konstituert i stillinga sidan i sommar.

Publisert 20.12.2023

- Eg er veldig glad for at Oddbjørn har takka ja til den viktige jobben som direktør for Kreftavdelinga. Han er ein svært kompetent klinikar og erfaren forskar som kjenner både sjukehuset og avdelinga godt. Oddbjørn har lang klinisk erfaring, tung forskingskompetanse og eit breitt fagleg nettverk. Eg er trygg på at han blir en god direktør for kreftavdelinga og ser frem til å få han inn i føretaksleiinga, seier administrerande direktør, Eivind Hansen. 

Oddbjørn Straume tek til i stillinga 1. februar 2024, og tek over etter Åsa Karlsdottir som har vore konstituert i stillinga sidan i sommar. 

  -Eg vil takke Åsa Karlsdottir for at ho tok leiaransvar i ei vanskeleg tid for avdelinga då Hans Petter Eikesdal brått døydde i sommar. Åsa har, saman med mange gode medarbeidarar, gjort ein flott innsats og vidareført kreftavdelinga med mykje pasientbehandling og viktige prosjekt på ein imponerande måte, seier Hansen. 

Gler seg stort til å ta fatt på oppgåva 

-Eg ser verkeleg fram til å ta til i den nye stillinga. Eg  ønskjer å føre vidare målet om å bli «ei kreftavdeling i verdsklasse», seier Straume.

En mann med briller
Oddbjørn Straume

Den erfarne onkologen, som har jobba på kreftavdelinga sidan 2002, fortel at kreft no er den hyppigaste årsaka til tidleg død i den vestlege verda.

-Talet på pasientar med kreft vil auke eksplosivt i åra som kjem, og med nyare behandling er det òg stadig fleire som overlever sjukdommen. Såleis står utfordringane for kreftomsorga i kø. Samstundes er faget i ei rivande utvikling, og dette gjer at nye metodar og behandlingsprinsipp kjem pasientane våre til gode. Dette gjer det utruleg spennande å jobbe innan dette feltet, og gjev meg god motivasjon til å vere med å leie Kreftavdelinga vidare, seier 55-åringen, som bur på Smørås i Fana, men opprinneleg er frå Førde. 

Fokus på samarbeid og utvikling

-I tillegg til forsking og innføring av nye metodar, er avdelinga sine tilsette den viktigaste kapitalen i arbeidet som står føre oss. Eg ønskjer å bidra til trivsel og utvikling i fortsettinga med mål om ei samla avdeling der alle dreg i same retning, sier den nye direktøren på Kreftavdelinga.  

Dei første komande åra vil arbeidet med etablering av protonsenteret samt akkreditering av Haukeland Universitetssjukehus som eit Comprehensive Cancer Centre stå langt framme på dagsorden.

-Samstundes skal vi ikkje miste av syne dei overordna måla i kreftstrategien: kreftforebygging, gode pasientforløp, brukarorientert kreftomsorg, levetid og livskvalitet, avsluttar Oddbjørn Straume.

  • Tok embetseksamen i medisin ved Universitetet i Bergen i 1996 

  • Disputerte for Den medisinske doktorgrad i 2002 

  • Sidan 2002 har han jobba ved kreftavdelinga i kombinert stilling som lege og forskar, samt i dei seinare åra også som professor på deltid ved UIB

  • Brei fagleg bakgrunn med kjennskap til alle kjernemodalitetar som blir nytta i moderne kreftbehandling, så som kirurgi, stråling, cellegift, målretta behandling og immunterapi

  • 55 år 

  • Gift med Borghild Straume 

  • Tre barn