Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Offisiell opning av Region Nordhordland Helsehus

I strålande solskinn knytte statsråd Kjersti Toppe bandet som markerte den offisielle opninga av Region Nordhordland Helsehus.

Publisert 12.09.2022
Tre menn og en kvinne klipper rød snor foran bygning. Foto

Offisiell opning av Region Nordhordland Helsehus (RNH). Foto: Kjersti Isdal/RNI

​29.august var det endeleg duka for storslagen opningsmarkering av Region Nordhordland Helsehus. På allmenningen utanfor Helsehuset var ordførarane i eigarkommunane, toppleiing og representantar frå tenestene i bygget og andre inviterte gjestar samla.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe stod for den offisielle markeringa, flankert av Eivind Hansen, adm.dir. i Helse Bergen og Karstein Totland, leiar av Regionrådet i Nordhordland. Istaden for å klippe, vart eit band knytt saman. Denne handlinga symboliserer sjølve målet med Helsehuset, som er å leggje til rette for utvikling av brukarvenlege, berekraftige og framtidsretta løysingar der kommunale, interkommunale og spesialiserte helsetenester er samlokalisert og samarbeider på tvers. 

Sermonien fortsette i regionen sitt eige Kunnskapssenteret som ligg flott plassert i 6 etg. i Helsehuset. Her fekk gjestane høyre om den reisa Helsehuset har hatt, frå å vere ei teikna papirskisse til å verte eit signalbygg for heile regionen. 

Styreleiar Håkon Matre og dagleg leiar Rune Heradstveit fortalte om historia bak Region Nordhordland Helsehus, om byggeprosess og byggeprosjekt. Anne Hildegunn Færøy som er samhandlingskoordinator i Region Nordhordland IKS med ansvar for helsesamarbeid, informerte om tenestene i bygget og om korleis partane skal arbeide vidare i felles satsing om fag og tenesteutvikling i og rundt Region Nordhordland Helsehus. 

Fleire var på talarstolen og både lovord og blomar vart delt ut. Blant anna til:

  • ​Regionrådet som sette dette på dagsorden samen med nokre engasjerte nøkkelpersonar.
  • Kommunestyra i dei då ni eigarkommunane (Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy) som klarte å verte einige om å realisere eit felles Helsehus.
  • Godt samarbeid mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.
  • Styret i Region Nordhordland IKS for god og stødig styring undervegs.
  • Totalentrepenør og andre involverte i byggeprosess.
  • Administrasjonen RNI/RNHI som til tross for få personar har gjort ein kjempeinnsats med dra det heile i hamn.

Region Nordhordland Helsehus mottok både kunstgåver og blomar under sermonien. 

Det heile vart avslutta med kaffe og kaker i vakker solnedgang over Nordhordland.