Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ønskjer du å bidra ved å donere morsmjølk?

I dag feirar vi Mjølkebanken sin dag.

Publisert 19.05.2025
Fra melkebanken

Kvart år blir World Human Milk Donation Day markert over heile verda – ein dag for å heidre dei som donerer morsmjølk og dei som får den. Det er viktig for å rette merksemd mot kor livsviktig denne innsatsen er.

– Morsmjølk er ikkje berre mat, det er som medisin. Det er ei heilt unik behandling. Mjølka inneheld mykje vern, antistoff og næring, seier ammerettleiar Renate Riska Waldow.

Sjukehuset treng stadig nye donorar av morsmjølk til premature born.

– Vi er ikkje som ein blodbank der ein kan vere donor i mange år. Morsmjølk kan ein donere til babyen er åtte månader, så vi treng nye. Vi må alltid ha ny mjølk.

Difor treng premature born mjølkedonorar.

– Det betyr ein enorm skilnad for babyane som får mjølka. Dei får donormjølk fram til mor til barnet er komen godt i gang med eigen mjølkeproduksjon. Det tek om lag tre til fire dagar.

Ønskjer du, eller kjenner du nokon som kan bidra? Slik fungerer prosessen.

– Du kjem opp hit på sjukehuset, så har vi ein informasjonssamtale. I tillegg tek vi ei blodprøve. Dersom blodprøva blir godkjend kan du få låne utstyr av oss. Alle som kjem får eit handlenett.

Dersom du bur i nærleiken av i Bergen Kommune eller i områda rundt kjem Avansert heimesjukehus og hentar mjølka.

Givaren får ei godtgjersle på 150 kroner literen og eit handlenett.