Opna etterlengta behandlingstilbod

Vêrgudane sørga for ei fuktig ramme rundt opningsmarkeringa for ROP-eininga 4. januar. - Men vi har uansett byens beste utsikt, sa klinikkdirektør Brede Aasen i Psykiatrisk klinikk då han ønska velkommen til Dr. Martens-bygget i Sandviken.

Publisert 05.01.2023
Sist oppdatert 06.01.2023
​Den nye ROP-eininga skal gi behandling til og oppfølging av pasientar med samtidig alvorleg rusliding og alvorleg psykisk liding. Posten tar imot første pasient neste veke.

Ein mann og ei dame held ei snor, ein mann i midten klipper snora.

Erfaringskonsulent Bjørn Tormod Ringdal, administrerande direktør Eivind Hansen og erfaringskonsulent Margrethe Wang.

Administrerende direktør Eivind Hansen klipte snora og gratulerte med dagen.
- Med dette bygget, med utvikling av kompetansemiljø og samarbeid, med dyktige tilsette og brukarinvolvering, er vi i ferd med å realisere målet om å fylle tomrommet mellom psykisk helsevern og rusmedisin, der nokon pasientar ikkje alltid har fått det tilbodet dei treng, sa Hansen.

Randi-Luise Møgster, viseadministrerende direktør i Helse Bergen gratulerte også med dagen:
- Brukarar, pårørande, tilsette og leiarar, gratulerer med ein stor dag! No er endå ei brikke lagt i puslespelet om forbetra tenester for nokon av dei aller mest sårbare brukarane og pasientane blant oss: Dei med samtidig rusmisbruk og alvorleg psykisk liding, sa Møgster.

Ho understreka at sengeposten skal gi integrert behandling og den skal gi eit tilbod til dei som fell mellom alle stolar.

- Prosjektleiar Roger Atle Kårstad pleier å seie at når nokon fell mellom alle stolar, så må vi bygge ein benk. I dag opnar vi ein viktig del av denne benken, ein benk som skal vere tilgjengeleg og open for dei aller mest sårbare blant oss.

To damer held tale2.

Erfaringskonsulent Margrethe Wang og overlege Gunn-Vivian Eide heldt tale.

​Margrethe Wang er erfaringskonsulent ved ROP-eininga. Under opningsmarkeringa heldt ho tale saman med overlege Gunn-Vivian Eide.

- Eg har lang erfaring med å falle mellom stolar i systemet, sa Wang, før ho delte si historie med dei frammøtte. 
- Eg har lang erfaring med å prøve å setje stolane nærare kvarandre, sa Eide.

Det gikk bra med Wang til slutt, blant anna takka vere integrert behandling.
- Men eg skulle verkeleg ønske at ROP-posten fanst den gongen.  Og no er eg så heldig å få jobbe her, sa ho. 

- Målet vårt er å erstatte dei berømte stolane med ein benk der det er plass til alle, understreka Eide.

Meir om ROP-eininga

Innlegging i ROP-posten kan vere aktuelt for pasientar som har alvorlege rusproblem og samtidig alvorleg psykisk liding - eller mistanke om dette. Eininga er eit såkalla tredjelinjetilbod for pasientar som alt har eit behandlingsforløp i både psykisk helsevern og i TSB (tverrfaglig spesialisert rusbehandling). Når det eksisterande tilbodet ikkje dekker pasientens behov, kan behandlar i spesialisthelsetenesta tilvise til ROP-eininga. 

ROP-posten vil tilby utgreiing og integrert behandling for både rus, psykiatri og fysisk helse. Pasientane vil få tilbod om innlegging i 1-6 månader. Posten har tilsette med kompetanse innan kognitiv miljøterapi, MI og traumefokusert tilnærming. Den enkelte pasient vil få eit skreddarsydd tilbod. Posten tilbyr musikkterapi, treningsterapi, gruppebehandling og mykje arbeid retta mot bustad, ettervern, jobb og eventuelt utdanning.

Behandlarane har erfaring frå både rusbehandling, psykisk helsevern, pårørandearbeid og samarbeid med kommunar og poliklinikkar. I tillegg har posten fleire tilsette med brukarerfaring. ​​


​Bilde frå opninga


Sanserom med ballbasseng

ROP-eininga har sanserom med blant anna ballbasseng.

To menn sitter og spiller gitar.

Musikkterapeutane Martin Leknesund Hansen og Pablo Tellez stod for det musikalske innslaget under opninga.​

Mann med blomsterbukett og mange menneske som klappar

Prosjektleiar Roger Atle Kårstad vart takka med blomar og fine ord.

Gruppe mennesker står i ein gang og lyttar til ein mann som pratar.

Omvising ved assisterande seksjonsleiar Kristian Toppe Aarlie.

​​