Prestisjefylt tildeling til forsking på hjernesvultsar
Overlege ved Haukeland universitetssjukehus og professor ved Universitetet i Bergen, Hrvoje Miletic, får støtte frå Det europeiske forskingsrådet til viktig forsking som kan gi ny innsikt i hjernekreft.

Foto: Øystein Fykse
Ønskjer å finne nye mekanismar for cellekommunikasjon i mikromiljøet til hjernesvulstar
Miletic forskar på vondarta hjernesvulstar. Pasientar som får denne diagnosen, har ei gjennomsnittleg overleving på berre halvanna år, og kreftforma er vanskeleg å behandle av fleire grunnar.
– Både plasseringa til svulsten i hjernen og motstandsdyktigheita mot tradisjonell behandling som stråling og cellegift gjer behandlinga utfordrande. Difor har behandlingstilbodet for desse pasientane stått meir eller mindre stille dei siste tjue åra, seier Miletic.
Stor internasjonal anerkjenning gjennom ERC Advanced Grants
ERC Advanced Grants blir rekna som ei av dei mest prestisjefylte forskingsløyvingane i Europa, med søkjarar frå heile verda. Tildelinga kjem frå Det europeiske forskingsrådet (European Research Council, ERC), og blir gitt til etablerte forskarar på toppnivå.
Midlane gir forskarane høve til å setje i gang ambisiøse, nysgjerringsdrivne prosjekt med potensial for banebrytande resultat. Ordninga skal stimulere til ny kunnskap og fremje forsking som kan flytte fagfelt i heilt nye retningar.
Unike moglegheiter for forskinga
Forskaren og kollegaene hans har allereie gjort banebrytande oppdagingar innan feltet. Dei har forska på kva som gjer at vondarta kreftsvulstar i hjernen veks.
No skal dei finne ut korleis ulike celler i mikromiljøet til hjernesvulsten kommuniserer med kvarandre.
– Vi har som mål å utvikle ein genterapi som bryt samspelet mellom tumorceller og astrocyttar, for å styrkje effekten av kjemoterapi og samstundes styrkje kroppen sitt eige immunforsvar mot svulsten, seier Miletic.
Når Hrvoje Miletic og teamet no blir tildelt finansiering frå ERC, er håpet at dei skal finne mange nye svar som på sikt kan hjelpe dei som får vondarta hjernesvulstar.
– Denne tildelinga er fantastiske nyheiter og skaper unike moglegheiter for forskinga på vondarta hjernesvulstar, seier han.